Berekning av lønnsansiennitet
Lønnsansiennitet vert berekna og fastsett ved tilsetjing i Helse Bergen. Lønnsansiennitet er aktuelt for yrkesgrupper som følgjer minstelønnsrammer med ansiennitetsstige.
Lønnsansiennitet kan òg ha betydning i eit lønnsoppgjer, då det ved lønnsoppgjer kan bli gitt ekstra tillegg utover avtalte minstelønnssatsar. Det er derfor viktig at du sender inn fullstendig dokumentasjon ved tilsetjing.
For at arbeidsgivar skal kunne berekne korrekt ansiennitet, er det ein føresetnad at du legg ved kopi av alle arbeidsattestar, saman med skjema for berekning av lønnsansiennitet. Ved eventuell oppdatering av ansiennitet etter tiltreding vert ny lønnsansiennitet berekna med verknad frå den datoen arbeidsgivar mottar dokumentasjonen.
For legar i spesialisering og psykologar gjeld eigne reglar for utdanningsansiennitet. Ta kontakt med næraste leiar i Helse Bergen.
Godskrivingsreglar
Lønnsansiennitet vert fastsett ved tilsetjing etter følgjande reglar:
-
Lønnsansiennitet vert rekna frå tidlegast fylte 18 år.
-
Ansiennitetsdato vert fastsett til den 1. i tilsetjingsmånaden, basert på godskriven lønnsansiennitet.
-
Ved tilsetjing i helseføretak vert all offentleg og privat teneste godskriven fullt ut i lønnsansienniteten. Som privat teneste vert også arbeid i heimen og omsorgsarbeid rekna med, med inntil 3 år. Som offentleg teneste vert verneplikt rekna.
-
Fråvær utan lønn i samband med fødsel og adopsjon vert rekna med i lønnsansienniteten, med inntil 2 år.
-
Fagarbeidarar med avlagt fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida rekna med i lønnsansienniteten.
-
Det vert ikkje gitt lønnsansiennitet etter fleire føresegner for same tidsrom.
Dokumentasjonskrav
Attestar må vere signerte, daterte og stempla, og innehalde:
- Tilsetjingsperiode (frå- og til‑dato)
- Stillingsprosent og stillingstype (for tilkallingsvikarar må tal på timar vere spesifisert)
- Stadfesting på utført militærteneste/sivilteneste – tenestebevis, ikkje minirulleblad
- Fødselsattest for barn eller anna offentleg dokumentasjon ved omsorgsarbeid
Sjølvstendig næringsdrivande må dokumentere med gyldig utskrift frå Brønnøysundregisteret, og dokumentere at verksemda har vore i drift (skattemelding frå åra verksemda var i drift).
Arbeidsforhold frå utlandet må dokumenterast med godkjend omsetjing av attestane til norsk eller engelsk. Omsetjinga skal vere stempla og signert av autorisert omsetjarbyrå eller omsetjar.
I Helse Bergen får også arbeidstakarar som ikkje kan seiast å ha hatt eit forpliktande arbeidsforhold med på førehand fastsett arbeidstid, godkjend ansiennitet dersom dei kan dokumentere å ha arbeidd minimum 56 timar per månad.
NB! Arbeidsavtale, lærekontrakt og lønsslipp er ikkje gyldig dokumentasjon.
Utfylling og innsending av skjema
For å få berekna lønnsansiennitet må skjemaet og gyldig dokumentasjon sendast samla via VestDialog.
Fyll ut skjemaet (last ned og fyll ut skjema), og lagre det lokalt på PC-en din. Då kan du laste opp skjemaet saman med fullstendig dokumentasjon i VestDialog. Send skjema og attestar samla via VestDialog.
Mangelfull berekning
Dersom berekning av lønnsansiennitet er mangelfull på grunn av manglande dokumentasjon, må ny dokumentasjon liggje føre for at berekninga kan gjerast på nytt. Det er ikkje tilstrekkeleg å sende inn berre ny dokumentasjon. Du må sende inn fullstendig dokumentasjon, inkludert tidlegare innsendte attestar, saman med nytt utfylt skjema.
Ved ny berekning av lønnsansiennitet vert verknadsdato den 1. i månaden når ny dokumentasjon ligg føre via eDialog.
Manglende dokumentasjon på arbeidserfaring
Ved arbeidserfaring der det ikkje let seg gjere å skaffe dokumentasjon, må eventuell godkjenning vurderast individuelt.
Dokumentasjon frå NAV på innrapporterte arbeidsforhold må sendast inn til vurdering. Dette gjeld i dei tilfella der til dømes tidlegare arbeidsgivar ikkje lenger eksisterer.