Utviklingsmidlar

For perioden 2022-2024 har Samarbeidsmøtet mellom høgskulane og sjukehusa i Bergen vedtatt at 30 prosent av utviklingsmidlane skal brukast til kombinerte stillingar for medarbeidarar innan dei helse- og sosialfaglege profesjonane, og 70 prosent til eit større strategisk fellesprosjekt for å auke kompetansen hos praksisrettleiarar ved HUS/Helse-Bergen og HDS.


Målsetting og kriterier for kombinerte stillingar 2022-2024 


Målsetting med dei kombinerte stillingane skal vere å 

  • ​Vere framtidsretta
  • Auke kvalitet og relevans i utdanning både på høgskule og i sjukehus 
  • Bygge bru og skape større forståing mellom utdanningsstad og praksisfelt
  • Styrke samarbeidet om studentane sin kliniske praksis
  • Bidra til at studentane opplev størst mogleg grad av samanheng mellom den teoretiske utdanninga og det som skjer i den praktiske kvardagen 

Særlig aktuelle tema for perioda er

  • ​Vidareutvikle og kvalitetssikre praksisarenaer og praksismodellar i sjukehuset
  • Bruk av simuleringsbaserte læringsaktivitetar (SBLA) for studentar. Helst bør SBLA inkludere tverrfagleg teamarbeid.

Søknaden skal bestå av 2 stillingar: ein kandidat med fast stilling frå føretak (20-40 prosent frikjøp) og ein kandidat med fast stilling frå høgskule (20-40 prosent frikjøp) som skal jobbe saman i par for å oppnå målsettinga med prosjektet. Heile tilsettingsforholdet vil vere hos hovudarbeidsgjever. Det er eit krav at minimum ein av kandidatane har masterkompetanse.

Tydelig leiarforankring i begge organisasjonar er nødvendig. Søknaden må utarbeidast i fellesskap mellom dei fagmiljøa/einingane på skulen og sjukehus som skal samarbeide om dei kombinerte stillingane. Det er dei respektive leiarar som skal stå som ansvarleg for søknaden om midlar til stillinga. Leiarane vil ha ansvar for å følgje opp kandidatane og prosjektet.

Søknadsfrist er 1. mai 2022

Målsetting og kriterier (PDF)

Søknadsskjema (PDF)

Søknadsskjema (word) *
*NB - ved bruk av nettlesarene Internet Explorer eller Edge, vil du få opp påloggingsboks når du klikkar på lenken for skjema i word. Vel avbryt og skjema vil likevel opne seg, eller du kan nytte andre nettlesarar som Chrome eller Safari.

Det er Utdanningsrådet og Samarbeidsmøtet som handsamar søknadane. Tilbakemelding blir sendt til søkjar ila medio juni.

For dei tilsette som får tildelt midlar til kombinert stilling vil det bli arrangert felles nettverksmøter saman med dei andre som har fått midlar i perioden. Det vert også satt opp krav om rapportering undervegs og når prosjektet er avslutta.

Eventuelle spørsmål kan sendast til utviklingsmidler@helse-bergen.no






Sist oppdatert 07.04.2022