Bruk av eit handhalde verktøy for barn og unge for å kommunisere med tannlegen under tannbehandling

Velkomen til informasjonssida for prosjektet «Bruk av eit handhalde verktøy (Grasp) for barn og unge for å kommunisere med tannlegen under tannbehandling». På denne sida finn du informasjon om prosjektet. Vedlagt ligg òg eit samtykkeskriv som i meir detalj forklarar formålet med prosjektet, kva deltaking inneber, og dine rettar som deltakar. Du kan klikke på lenkjene nederst på sida for å laste ned desse dokumenta.

Om studien

Ved tannbehandling kan kommunikasjon vere utfordrande for både tannlegen og pasienten. Det er behov for verktøy som kan forbetre kommunikasjonen mellom tannlege og pasient. I denne studien ønskjer vi å finne ut om bruk av eit nyutvikla verktøy, Grasp, kan forbetre kommunikasjonen mellom barn/unge (6–25 år) og tannlegen under tannbehandling. Grasp er ein liten silikonball med trykksensorar.

Når ein klemmer på Grasp-ballen, blir data overført til ein applikasjon på ein iPad, og data vert framstilt visuelt som ei bølgje og med ein lyd basert på kor hardt ein klemmer. Jo hardare ein klemmer, jo høgare vil bølgja stige og lyden auke. Dersom ein klemmer veldig hardt, vil bølgja bli raud og lyden vil bli eit stoppsignal. Vi vil samanlikne ei gruppe som bruker Grasp under tannlegebehandling med ei kontrollgruppe.

Ved hjelp av målretta spørjeskjema til barn/unge, føresette og tannlege vil vi undersøkje om bruk av Grasp forbetrar kommunikasjonen og kjensla av kontroll. Vi vil samanlikne ei gruppe som bruker Grasp under tannlegebehandling med ei kontrollgruppe.

Les meir om studien

Prosjektside i Cristin (Current research information system in Norway)

Informasjon om deltaking

Studien er open for rekruttering frå 16.09.2024 fram til 31.05.2025

Kven kan delta?

Vi inviterer barn og unge i alderen 6–26 år som er pasientar ved Odontologisk tannklinikk, institutt for klinisk odontologi, Bergen, Universitetet i Bergen, eller ved Sogndal tannklinikk, Sogndal, Vestland fylkeskommune.

Ved tannklinikken i Sogndal vil potensielle deltakarar bli rekrutterte ved at det blir sendt informasjon om prosjektet via ei lenkje vedlagt timetildeling som skjer på SMS. Det vil vere dedikert personell på kvart studiested, som ikkje er tannlege, som vil informere om studien og innhente samtykke. Ved odontologisk tannklinikk i Bergen vil potensielle deltakarar bli informerte om studien ved oppsett time til føreundersøking i forkant av planlagt tannbehandling.

Vi vil inkludere 30 deltakarar i kontrollgruppa og 30 deltakarar i Grasp-gruppa på kvar av klinikkane, altså totalt 60 deltakarar i kontrollgruppa og 60 deltakarar i intervensjonsgruppa.

 

Krav for å kunne delta (Inklusjonskriterium):

• Skriftleg samtykke er gitt

 • Deltaking ved odontologisk tannklinikk: Alder: 6 til 25 år, planlagt behandling: Ulike typar tannbehandling som fjerning av visdomstann, fjerning av overtallig tann, påsetting av drag på tann eller liknande.

 • Deltaking ved Sogndal tannklinikk: Alder: 6–16 år, planlagt behandling: Ulike typar planlagt tannbehandling som tanntrekking eller behandling for hol (karies).

Kven kan ikkje delta (Eksklusjonskriterium):

• Moderat til alvorleg psykisk utviklingshemming

• Forstår ikkje norsk

 • Det er planlagt bruk av beroligande middel (for eksempel midazolam) under tannbehandlinga.

Kva inneber studien?

Den første gruppa av deltakarar (kontrollgruppa) blir spurde om å svare på eit kort spørjeskjema på papir like før ein går inn til tannlegen og eit andre spørjeskjema like etter at ein er ferdig. Spørsmåla handlar om kommunikasjon og kjensle av kontroll under pågåande tannbehandling.

Det vil ta om lag 5 minutt å fylle ut kvart av spørjeskjemaene. For deltakarar som er barn, vil føresette eller ein annan vaksen hjelpe til med å lese spørsmåla og setje kryss på spørjeskjemaet. Utover desse spørjeskjemaene føregår tannbehandlinga på heilt vanleg måte. Den siste gruppa av deltakarar i studien vil i tillegg til å fylle ut dei same spørjeskjemaene som den første gruppa, bli spurde om å bruke Grasp når dei får tannbehandling.

 Studiedeltakarar som skal bruke Grasp-ballen vil få alderstilpassa instruksjon i korleis ballen skal brukast like før ein går inn til tannlegen. Ein vil også få prøve å klemme på ballen og teste korleis det fungerer med ulik lyd i appen ved ulike klem.

Denne opplæringa tek om lag 10–15 minutt. Under tannbehandlinga skal pasienten klemme på ballen for å kommunisere graden av ubehag, og om ein ønskjer at tannlegen skal stoppe opp litt. Det er ikkje farleg å bruke ballen, og ein kan elles gjere heilt som vanleg hos tannlegen, dvs. snakke, lage lydar eller grimasar som ein vanlegvis gjer.

Samtykkeskriv for foresatte.PDF

Samtykkeskriv for foresatte på vegne av sitt barn under 16 år.PDF

Samtykkeskriv for deltager som skal til tannbehandling.PDF

Samtykkeskriv for tannleger.PDF

Informasjonsskriv til barn under 12 år.PDF

Informasjonsskriv til ungdom 12-16 år.pdf

Ver merksam

Det inneber ingen risiko å delta i studien. Ei ulempe ved å delta er ekstra tidsbruk grunna utfylling av spørjeskjema før og etter tannlegetimen (totalt om lag 10 minutt). Det vil også medføre ekstra tidsbruk for deltakarar som skal bruke Grasp grunna behov for opplæring i bruk av utstyret (ca. 10–15 minutt). Fordelen ved å delta vil vere å kunne bidra til å belyse effekten av Grasp som kommunikasjonsmiddel under tannbehandling.  

Kontaktinformasjon

Prosjektleder:

Mette Engan

Tlf: 41106563

e-post: mette.engan@helse-bergen.no

 

Forskningssykepleier:

Emilie Stensaker

Tlf: 45138763

e-post: emilie.stensaker@helse-bergen.no