Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Handleddsbrot: Kirurgisk behandling med ekstern fiksasjon eller volar plate

Kvart år pådrar over 15.000 nordmenn seg brot i handleddet og er såleis ein av dei vanlegaste brotskadene i Noreg. Ein reknar at 20% av dei vil trenge kirurgisk behandling. Er det skilnad i resultata etter operativ behandling av handleddsbrot med dei to ulike metodane?

Om studien

Den operative behandlinga av handleddsbrot har dei seinare åra gått gjennom store endringar. Dei 2 mest brukte operasjonsmetodane i dag er anten ekstern fiksasjon eller volar låseplate.

Ekstern fiksasjon er operativ behandling der brotet blir heldt i stilling av pinnar som går gjennom huda frå utsida, og inn i beinet på kvar side av brotet. Deretter blir pinnane festa utanpå handleddet. Ramma og pinnane blir vanlegvis fjerna etter 6-8 veker.

Volar plate (intern fiksasjon) er operativ behandling der brotet blir heldt i stilling ved hjelp av plate og skruar. Det einaste merket etter operasjonen vil vere eit operasjonssår / -arr. Plata og skruane blir ikkje fjerna dersom dei ikkje gir plager i ettertid.

Ein metaanalyse frå 2012 som tok utgangspunkt i 6 randomiserte studier der ein samanliknar desse 2 behandlingsalternativa, konkluderte med at ein manglar studiar med stort nok pasientgrunnlag og lang nok oppfølgingstid.

Kva skal vi undersøkje?

Med vår studie ynskjer vi å avklare kven av desse 2 behandlingsalternativa som gjer best resultat med omsyn til smerte, funksjon, bevegelegheit og røntgenfunn 6 veker, 3 mnd og 1 år etter operasjon.

Vi ser også på kostnadane rundt dei to behandlingsvala mtp sjukemeldingsdagar, redusert arbeidskapasitet, implantatkostnader, liggedøgn og og evt komplikasjonar.

Første pasient vart inkludert i studien hausten 2013 og per 1. oktober 2015 var det inkludert 110 pasientar. Det skal inkluderast totalt 160 pasientar og ein har reikna ut i frå tidlegare førekomst at dette vil ta i overkant av 3 år, ein er såleis i rute ut i frå planlagde tidsrammer.

Pasientane skal følgast opp 1 år postoperativt og ein kan rekne med at datainnsamlinga vil være sluttført tidleg


Les meir om studien

Prosjektside i Cristin (Current research information system in Norway)

Informasjon om deltaking

Rekrutteringa er avslutta

Kven kan delta?

Inklusjonskriterium 

  • Pasientar med dislokerte ekstraartikulære distale radiusfrakturar med følgjande feilstilling:

  • Primær feilstilling:  

    • dorsal tilt > 20°

    • radial forkortning > 5mm

    • dorsal/volar metafysær knusning

  • Stilling etter reponering:

    • dorsal tilt over nøytralplanet

    • radial forkortning > 2mm

    • radial inklinasjon redusert med meir enn 5° 

  • Alder over 18 år og under 70 år

 

Eksklusjonskriterium

  • Demens/manglande samtykkekompetanse

  • Psykisk sjukdom/rusmisbruk som gjev redusert compliance

  • Medfødt beinsjukdom eller misdanning i hand / handledd

  • Tidlegare handleddsbrot eller invalidiserande handskade same eller motsatt side

  • Opne frakturar, Gustillo-Andersen type II 

  • Patologiske brot med unntak av osteoporose

  • Turistar og sesongarbeidarar 

  • Ikkje norsktalande

  • Personar under 18 eller over 70 år

  • Tilhøyrer anna sjukehus enn Voss/HUS

  • Ønsker ikkje å delta i studien

Kva inneber studien?

Pasientar til studien blir rekruttert i samband med innlegging for operativ behandling av handleddsbrot på sjukehusa som deltek i prosjektet.

Vi har valgt ut pasientar mellom 18-70 år med ei undergruppe av handleddsbrot er brotet ikkje går inn i sjølve leddet.

Før inkludering av pasienten blir det gitt skriftleg og munnleg informasjon om studien, operasjonsmetodane, oppfølging og mogelege komplikasjonar til begge prosedyrane. Skriftleg samtykke skal føreligge før behandlingsstart.

Studien er eit samarbeidprosjekt mellom ortopedisk avdeling ved Voss sjukehus og Haukeland universitetssjukehus.

Kontaktinformasjon

Prosjektleiar

Trine Ludvigsen

E-post: trine.ludvigsen@helse-bergen.no

Samarbeidspartnarar

Samarbeid med

  • Helse Bergen