Dyspné/tungpust

Dyspné er eit vanleg og plagsamt symptom hos pasientar med alvorleg, livsavgrensande sjukdom.

Definisjon, årsaker, førekomst, utgreiing og behandling er omtala i Nasjonal faglig retningslinje Palliasjon i kreftomsorgen – handlingsprogram, i kapittelet Dyspné  (helsedirektoratet)

Når behandling av underliggande årsaker ikkje gir tilstrekkeleg lindring, er ikkje-medikamentelle tiltak ein viktig del av behandlinga. Slike tiltak kan bidra til betre symptomlindring, meistring og tryggleik for pasientar som lever med tungpust.

KLB har omsett og tilpassa delar av pasientinformasjonsmaterialet frå Breathlessness Intervention Service (BIS), Cambridge University Hospitals NHS Foundation Trust. Brosjyrane er retta mot pasientar og pårørande, men kan òg vere nyttig for helsepersonell.

Lenke til brosjyrane, på sida Pasientar og pårørande


Det er også laga fire korte filmar om behandling av kronisk refraktær dyspné. Filmane er utvikla for helsepersonell og kan nyttast som støtte i klinisk arbeid, undervisning og rettleiing.

Fire korte filmar om behandling av kronisk refraktær dyspné (kursbygger.ihelse.net) 

Tilsette ved helseføretaka i Helse Vest kan bruke filmane som ein del av fagleg oppdatering og kompetansebygging innan palliasjon, og vert anbefalt å sjå filmane/ta kurset via Læringsportalen, for å få det registrert i sin kompetanseportal.

 

Sist oppdatert 29.06.2026