Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fysio- og ergoterapinettverk etablert i Helse Førde føretaksområde

Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helseregion Vest omfattar i dag over 600 ressurspersonar frå ulike faggrupper og delar av helsetenesta. No er det også etablert eit eige nettverk for fysioterapeutar og ergoterapeutar i Helse Førde føretaksområde.

Publisert 08.09.2026

Til no er 11 ressurspersonar innan fysioterapi og ergoterapi registrerte i Pallnet.
Ergoterapeut Liv Marie Torbergsen i Helse Førde er leiar for nettverket.

Målet med nettverket er å bidra til kompetanseheving og samhandling, slik at kreftpasientar og pasientar med behov for lindrande behandling møter fysioterapeutar og ergoterapeutar med relevant kompetanse.

Ressurspersonane får tilbod om

  • deltaking på årleg fagdag saman med ressurssjukepleiarane
  • digital undervisning saman med dei andre fysio- og ergoterapinettverka i Helse Vest

Nettverket skal bidra til fagleg samarbeid mellom fysioterapeutar og ergoterapeutar som arbeider med kreftomsorg og lindrande behandling i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Fysioterapeutar og ergoterapeutar som ønskjer å bli ressurspersonar i nettverket, kan ta kontakt med Liv Marie Torbergsen.

På Pallnet.no finn du oversikt over ressurspersonar i Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helseregion Vest.

Meir informasjon om nettverket i Helse Førde føretaksområde