Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nettverk Helse Førde

Nettverket i Helse Førde føretaksområde er basert på ein delavtale mellom 18 kommunar i Vestland fylke og Helse Førde. Det er etablert eit samarbeid mellom Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest og Helse Førde for å drifte nettverket.

Nettverket består av eit sjukepleiarnettverk og eit nyleg etablert fysio- og ergoterapinettverk. Nettverka er organisert med ei styringsgruppe og kvar si driftsgruppe.

Nettverket har ein årleg fagdag.

Nettverket av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Førde føretaksområde består av omlag 100 sjukepleiarar. Det er ressurssjukepleiar i alle kommunar og på sjukehusavdelingar som behandlar kreftpasientar eller andre pasientar som treng lindrande behandling.

Pallnet. Regis​ter over ressurspersonar i nettverket​

Film om nettverket (mp4)

Årleg fagdag vert arrangert kvart år, stort sett i februar eller mars.

Det vert arrangert introduksjonskurs for nye ressurspersonar og deira næraste leiar kvar år.

Invitasjon og program, introduksjonskurs 29. september 2026: 2026-09-29 Introduksjonskurs.pdf

Vert arrangert 10. november 2026. Invitasjon og program vert lagt ut i løpet av kort tid.

Undervisningsmalar (powerpoint) er tilgjengelege på følgande tema: Palliasjon, ESAS-r, Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling, Individuell plan.

 
Ta kontakt med lokalgruppeansvarleg eller KLB-medarbeidar Marthe Hauge Aase: marthe.hauge.aase@helse-forde.no  for å få undervisningsmalane tilsendt.

 

Sist oppdatert 20.08.2026