Grunnkurs i palliasjon

Grunnkurs i palliasjon er eit to-dagars tverrfagleg kurs i grunnleggande palliasjon, som vert arrangert to gonger årleg, vår og haust. Kurset retter seg mot samtlege faggrupper som jobbar med denne pasientgruppa. Kurset vert arrangert av  Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB).

Kursdatoar i 2024 

  • 11.-12. april, kun for tilsette i Helse Bergen.
    Påmelding via Læringsportalen. Gratis kurs. 
    Program, vår 2024.pdf

 

  • 1.-2. oktober for tilsette i Helse Bergen og kommunar i føretaksområdet. Lenke til påmelding kjem i løpet av våren.

​Målsetting

  • ​Økt kunnskap om grunnleggande palliasjon og symptomlindring
  • Innblikk i kommunikasjon som verktøy 
  • Økt forståing for tverrfaglig tilnærming og samhandling
  • Moglegheit til å reflektere over eigne haldningar og utfordringar knytt til arbeid med alvorleg sjuke og døyande
  • Moglegheiter til å utveksle erfaringar og få inspirasjon til eigen arbeidskvardag 

Godkjenningar​

Kurset er godkjent av Den norske Legeforening, Norsk Sykepleierforbund og Fagforbundet for sjukepleiarar og hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/fagarbeidarar og Norsk Fysioterapiforbund.

 

Kontaktpersonar

Kjersti Solvåg og Gunn Hannisdal, Palliativt senter, Haukeland universitetssjukehus. 
E-post: lindrende.​behandling@helse-bergen.no

Sist oppdatert 15.03.2024