Kommunale prosjekt

Til ei kvar tid går fleire prosjekt innan lindrande behandling føre seg i kommunar i Helseregion Vest. Prosjekta er støtta av statlege middel. Her presenterer vi prosjekta som pågår /  har fått støtte i 2023:

Bergen kommune

Kommunalt palliativt team
Målet med prosjektet er å forankre og implementere kommunalt palliativt team. Teamet skal vere til hjelp for kommunalt helsepersonell i arbeid med pasientar med behov for lindrande behandling. Hovudstrategien er førebyggjande og kompetansehevande arbeid der målet er å leggje til rette for mest mogeleg heimetid. Teamet er no i drift. I 2023 skal ein sikre tverretatleg promotering av teamet, organisere undervisningsstrukturar og implementere Palliativ kartleggings- og behandlingsplan som dokumentasjonsmal. 
Prosjektperiode: 2021-2023
Kontakt: Beate Kosinski, telefon: 988 59 764


Bergen kommune, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester 

Opplæringspakke Lindrende behandling og omsorg – ny mentoropplæring. 
Prosjektet ønsker å gjere ny digital opplæringspakke for mentorar tilgjengelig for alle dei 17 kommunane i USHT Vestland sitt nedslagsfelt. Dette skal skje gjennom å informere, rekruttere og følge opp kommunar som vil starte med opplæringa, gi mentoropplæring og ta initiativ til refleksjonsgrupper. 
Prosjektperiode: 2023
Kontakt: Olaug Lee Aasgard, telefon: 99695913


Bømlo kommune

Prosjekt palliasjon – del 2 har arbeidd for gode pasientforløp innan palliativ behandling i samarbeidskommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Med utgangspunkt i lindrande senger ved interkommunal døgnavdeling har prosjektet styrkt allereie etablerte nettverk med kompetanseheving og erfaringsutveksling. I tillegg er det etablert eit interkommunalt palliativt team (IKPT). I 2023 arbeider ein vidare med utprøving av IKPT, samhandling, kompetanseheving og implementering av prosedyrar.
Prosjektperioden er over 2,5 år (2020-2023)
Kontakt: Mona Yvonne Espeland, telefon: 534 23 302 / 901 44 740


Eigersund kommune

«Bedre lindring til flere i Eigersund kommune. Alle vet hva de skal gjøre, når og hvordan – og gjør det.» Dette prosjektet skal arbeide med systematisk kompetanseheving for tilsette i kommunen gjennom fagdagar, refleksjonsgrupper og undervisning. Opplæring via digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg har vore ein viktig del av prosjektet. 
Prosjektperiode: 2020-2023
Kontakt: Else Beth Bårdsen, telefon: 474 58 335​


Fjaler kommune​
Digital opplæringspakke med fokus på miljøtenesta. Kommunen vil vidareføre bruk av digital opplæringspakke til tilsette i helse og omsorg. Ein ønsker kompetanseheving innan lindrande behandling og omsorg ved livets slutt også i miljøtenesta slik at brukarar der kan bu heime lengst mogeleg. For å oppnå det vil ein inkludere tilsette i miljøtenesta i den digitale opplæringspakken.
Prosjektperiode: 2023
Kontakt: Charlotte Bjorvik, telefon:  57 73 81 53


Haugesund kommune, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester 
Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt. Haugesund USHT ønsker kompetanseheving gjennom å informere, rekruttere og følgje opp kommunar i USHT Helse Fonna sitt område som vil starte med digital opplæringspakke, ny digital mentoropplæring og refleksjonsgrupper. 
Prosjektperiode: 2023
Kontakt: Ida Elisabeth Gaard, telefon: 41 63 11 94


Gloppen kommune ​​
Implementering av Livets siste dagar og Palliativ plan i Gloppen kommune. 
Prosjektet skal styrke kvaliteten i tilbodet og gje kompetanseheving hos tenesteytarane, gjennom implementering av tiltakspakke Livets siste dager i institusjon og heimeteneste. I tillegg skal ein tilpasse og implementere Palliativ plan i kommunen.
Prosjektperiode: 2022-2023
Kontakt: Svanhild Liseth Solheim, telefon: 924 41 199 


Sogndal kommune 
Implementering av Livets siste dagar og Palliativ plan i Sogndal kommune. I dette prosjektet, som omfattar heimetenesta i kommunen, skal ein gjennomføre Digital opplæringspakke for helsefagarbeidarar, undervise om og implementere tiltaksplanane Livets siste dagar, samt implementere heimemappa Palliativ plan. 
Prosjektperiode: 2022-2024
Kontakt: Kathrine Sørum, telefon: 404 72 962


Stavanger kommune

Barnepalliasjon: Barnets beste i sentrum.
Stavanger kommune vil jobbe for å utvikle eit berekraftig tenestetilbod for barn med palliative behov og deira familiar. Dei skal blant anna utarbeide kompetansehjul, ha undervisning, etablere rettleiingsgruppe, bruke pasientforløp og opprette individuelle planar. Det skal vere samarbeid både internt i kommunen og med barnepalliativt team i spesialisthelsetenesta.
Prosjektperiode: 2021-2023
Kontakt: Ingvill Sveen, telefon: 959 72 087


Stavanger kommune, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester 

Mentoropplæring for Digital opplæringspakke – lindrende behandling og omsorg ved livets slutt. USHT Rogaland skal ha opplæring av mentorar i Digital opplæringspakke og starte nettverk for mentorane i sitt nedslagsfelt. I tillegg skal ein arbeide med å informere, rekruttere og følge opp kommunar som vil starte med opplæringspakken. 
Prosjektperiode: 2023
Kontakt: Arnt Egil Ydstebø, telefon: 51 50 72 85


Sveio kommune 

Palliativ plan. Sveio kommune skal opprette ressursgruppe for å heve og sikre kontinuitet i kompetanse ved Sveio omsorgssenter og heimetenesta. Dei skal også implementere palliativ plan. 
Prosjektperiode: 2023-2024
Kontakt: Kjartan Eidsvåg, telefon: 975 43 159 


Ulvik herad
Kompetanseheving og forankring - Palliasjonsteamet til Ulvik herad
Prosjektet skal jobbe med forankring av arbeidet til den palliative ressursgruppa i Ulvik herad. Samtidig skal ein drive kompetanseheving internt i gruppa, på sjukeheimen og i heimetenesta.
Prosjektperiode: 2022-2023​
Kontakt: Kristin Røen Fauske, telefon: 400 07 189


Vaksdal kommune​
«Palliasjon og demens» del 3. – Implementering og bruk av Livets siste dagar. Kommunen ønsker å implementere tiltaksplanen Livets siste dagar i helse- og omsorgstenestene i heile kommunen. Det skal også innførast fast rutine for debrief etter dødsfall. Ein skal gjennomføre undervisning og ha opplæring i tiltaksplanen for alle tilsette i heimetenesta, ved helsehuset på Dale og ved Vaksdal ressurssenter. 
Prosjektperiode: 2021-2023
Kontakt: Anne Kari Helle, telefon: 453 76 623


Øygarden kommune​
Fullføringa av eit liv. Prosjektet har fokus på heimetid for innbyggjarar i palliativ fase i kommunen. Ein skal arbeide med kompetanseheving for tilsette i heile kommunen gjennom fagdagar og hospitering. Kommunen skal opprette eit tverrfagleg ressursteam som skal betre samhandling, dei skal innføre førehandssamtalar og palliativ plan i tillegg til andre aktuelle metodar, råd og verktøy.
Prosjektperiode: 2023 – 2024
Kontakt: Inger Fosse​, telefon: 56 16 15 63 / 909 63 266



Avslutta prosjekt

Avslutta prosjekt

Tilskotsordninga

Informasjon om tilskotsordninga på Helsedirektoratet si nettside







Sist oppdatert 23.01.2024