Legemiddelinformasjon

Her vil du finne informasjon om legemiddel, næringsmiddel, utstyr og forbruksmateriell.

Kan tabletten delast eller knusast? Kan kapselen opnast?

Refusjon

Informasjon om dei ulike refusjonsordningane for legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell til palliative pasientar.

Blåreseptordninga i lommeformat med ICD-kodar (pdf)Blåreseptordninga i lommeformat med ICPC-kodar (pdf)


Legemiddel og bilkøyring

Legemiddel og bilkøyring - forskrifta sitt krav og legens plikter (pdf)


Legemiddel i infusjonspumpe til subkutan bruk

Slike infusjonspumper blir vanlegvis tatt i bruk når perorale og/eller transdermale legemiddel ikkje er hensiktsmessige, gir ikkje-tolererbare biverknader eller ikkje gir god nok effekt. 

Bærbare infusjonspumper er enkle å handtere, det er mulig å gi fleire legemiddel i blanding og pasienten får jamnare plasmakonsentrasjon av dei ulike legemidla enn ved intermitterande behandling. Behandlinga kan også raskt tilpassast etter respons.

Informasjon om legemiddel i blanding (pdf).

   
For pasientar frå Helse Bergen rekvirerer du forbruksmateriell frå Seksjon for behandlingshjelpemiddel.

Sist oppdatert 04.11.2020