Livets siste dagar - rammeverk for ein individuelt tilpassa plan for lindring i livets sluttfase
Livets siste dagar er fundert på internasjonale prinsipp og nasjonale tilrådingar for omsorg til døyande. Bruk av ein slik plan kan sikre ei felles ramme og struktur for behandling, pleie og omsorg i sluttfasen av livet.

Nettverkskoordinator
Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) har funksjon som koordinerande senter for bruk av Livets siste dagar. Koordinator kan svare på spørsmål knytte til mellom anna registrering, implementering og praktisk bruk av planen.
Kontaktinformasjon
Nettverkskoordinator
Grethe S. Iversen
Telefon 992 04 009
Samarbeid nasjonalt og internasjonalt
Noreg har ei eiga referansegruppe og team for bruk av Livets siste dagar.
landsdekkende referansegruppe.pdf
Dette er tverrfaglege grupper med bakgrunn frå sjukeheimsmedisin, geriatri og palliasjon.
Universitetet i Liverpool i England er koordinerande senter for den internasjonale samarbeidsgruppa International Collaborative for Best Care for the Dying Person, som Noreg er del av gjennom KLB.
KLB er av samarbeidsgruppa godkjend som eit internasjonalt referansesenter for omsorg til døyande og deira pårørande.