Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde i trapper
Biomarkørar og tilpassa behandling for personar med multippel sklerose.

MS-noden

MS-noden jobbar for betre liv for dei med multippel sklerose (MS). Dei forskar på nye og betre måtar å oppdage, forstå og behandle MS på. Målet er å gjere det lettare å stille diagnose så tidleg som mogleg, finne rett og betre behandling og gje betre livskvalitet for dei som lever med sjukdomen.

In English

MS-noden i Neuro-SysMed er eit leiande forskingsmiljø innan multippel sklerose (MS), med brei kompetanse innan både grunnforsking, klinisk forsking og behandling. Målet er å utvikle ny kunnskap som kan gi betre diagnostikk, meir persontilpassa behandling og betre oppfølging av menneske som lever med MS.

Forskarane arbeider langs heile forskingskjeda – frå studiar av sjukdomsmekanismar i laboratorium til kliniske studiar der nye behandlingsmetodar blir prøvde ut på pasientar. Dei undersøker også korleis genetikk, immunsystem, miljøfaktorar og virusinfeksjonar kan påverke utviklinga av sjukdommen.

Gjennom fleire tiår har forskingsgruppa i Bergen etablert seg som eit internasjonalt anerkjent senter for MS-forsking. Gruppa har bidrege til meir enn 550 vitskaplege publikasjonar, delteke i over 50 kliniske studiar og utdanna meir enn 40 doktorgradsstipendiatar innan ei rekke fagområde.

Sidan august 2025 har professor Øivind Torkildsen vore leiar for MS-noden.

Nodeleiarar

Øivind Torkildsen

Øivind Torkildsen er professor i nevrologi ved Universitetet i Bergen og overlege ved Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Han leier Bergen MS-forskingsgruppe og koordinerer EU Horizon-prosjektet EBV-MS.

Forskinga hans omfattar sjukdomsmekanismar, biomarkørar og kliniske behandlingsstrategiar ved MS. Han er hovudutprøvar i fleire nasjonale og internasjonale studiar, mellom anna OVERLORD-MS og TAF-EBV, og har særleg fokus på B-celleretta behandling og samanhengen mellom Epstein–Barr-virus og MS.

Kjell-Morten Myhr

Kjell-Morten Myhr er professor i nevrologi og overlege. Han leia Bergen MS-forskingsgruppe ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen frå 2001 til 2025. Frå august 2025 har han vore viserektor for forsking og innovasjon ved Universitetet i Bergen.

Myhr har tidlegare leia Norsk MS-kompetansesenter, Norsk MS-register og det første KG Jebsen-senteret for medisinsk forsking innan MS. Han er i dag nestleiar i Neuro-SysMed.

Forskingsområde

MS-noden arbeider med fleire av dei viktigaste utfordringane innan moderne MS-behandling.

Eit sentralt mål er å optimalisere behandlinga av attakkvis MS gjennom tidleg bruk av høgeffektiv sjukdomsmodifiserande behandling og stamcellebehandling hos pasientar med vedvarande sjukdomsaktivitet. Forskarane studerer også dei nevrodegenerative prosessane som ligg bak progressiv MS, samt behandling av symptom som smerter, spastisitet og søvnforstyrringar.

Dei siste åra har noden også etablert forskingsprogram som undersøker nye antivirale behandlingsstrategiar retta mot Epstein–Barr-viruset (EBV), både for behandling og mogleg førebygging av sjukdommen.

I tillegg jobbar vi med å utvikle nye strategiar for å kunne førebyggje sjukdomen. For tida gjennomfører MS-noden 13 kliniske studiar som er starta av våre eigne forskarar, og fem studiar i samarbeid med legemiddelindustrien.

Du kan sjå ei oversikt over alle våre kliniske MS-studiar på sida MS og kliniske studiar.

Biomarkørforsking

Ein sentral del av arbeidet er å finne biomarkørar som kan hjelpe legane med å stille diagnosen tidlegare, følgje sjukdomsutviklinga tettare og tilpasse behandlinga til den enkelte pasienten.

Forskarane analyserer mellom anna blodprøver, spinalvæske og MR-bilete for å få betre innsikt i sjukdomsaktivitet og behandlingseffekt. Vi studerar og korleis vi kan bruke signal frå immunforsvaret til å forstå kven som har nytte av ulike behandlingar. 

MS-registerforsking

MS-noden nyttar også data frå MS-register og andre kvalitetsregister for å undersøkje korleis behandlingar verkar i praksis over tid.

Denne forskinga gir verdifull kunnskap om:

  • langtidseffekt og tryggleik ved behandling
  • behandlingsresultat i den verkelege verda
  • fordelane ved tidleg og effektiv behandling
  • faktorar som påverkar sjukdomsutvikling og livskvalitet
Gjennom kombinasjonen av grunnforsking, kliniske studiar og registerforsking bidreg MS-noden til ny kunnskap om sjukdomsmekanismar, diagnostikk og behandling av MS. Dette gir gode håp for å utvikle meir presis og persontilpassa behandling for menneske som lever med sjukdommen. 
Sist oppdatert 07.07.2026