Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Frå førebygging til innovasjon: Høgdepunkt frå Neuro-SysMed-symposiet 2025

Onsdag 19. november 2025 avslutta Neuro-SysMed sitt årlege symposium 2025 etter to inspirerande dagar fylt med deling av banebrytande forsking, samarbeid, nettverksbygging og livlege diskusjonar. Dei 150 engasjerte deltakarane fekk høyre om dei nyaste framstega innan nevrologisk forsking og diskuterte framtidige gjennombrot.
Sak om Neuro-SysMed sitt Symposium 2025
Ein collage av ymse situasjonar på symposiet. Talarar på scena, psoterpresentasjon, folk ute i parken i pausane, folk som diskuterar i pausane, publikum i salen

Tildeling til utprøving av ny behandling mot Alzheimer

Nasjonalt program for klinisk behandlingsforskning i spesialisthelsetjenesta (KLINBEFORSK) vedtok nyleg å tildele 25 millionar kroner til ein dobbeltblinda utprøvingsstudie for ny behandling mot Alzheimer sjukdom som skal involvere pasientar med tidleg Alzheimer demens frå heile landet. Dette er ein studie hos demens-noden i Neuro-SysMed, med Kristoffer Haugarvoll som leiar for prosjektet.

Demenstildeling
Gruppebilete med ni personar i legefrakkar som står ute i ein allé med tre.

Neuro-SysMed sin forskarskule

Neuro-SysMed sin forskarskule for translasjonell nevrovitenskap tilbyr forskarutdanning for ph.d.- kandidatar frå og med hausten 2021. Målet med forskarskulen er å gje ph.d.- kandidatar grunnleggande innsikt i translasjonell nevrovitskap, og skal vere eit viktig supplement til den etablerte forskarutdanninga ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen (UiB).

Info om Neuro-SysMed sin forskarskule
Ein person som held ein presentasjon for eit publikum