Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei stor gruppe menneske som poserer i ei trapp.

Biomarkørar og tilpassa behandling for personar med multippel sklerose.

MS-noden

MS-noden jobbar for betre liv for dei med multippel sklerose (MS). Dei forskar på nye og betre måtar å oppdage, forstå og behandle MS på. Målet er å gjere det lettare å stille diagnose så tidleg som mogleg, finne rett og betre behandling og gje betre livskvalitet for dei som lever med sjukdomen.

In English

Forskarane i MS-noden har lang erfaring og er internasjonalt anerkjende. Dei undersøker alt frå korleis MS utviklar seg i kroppen til korleis sjukdomen oppfører seg hos ulike menneske. Dei brukar både dyremodellar, bildeundersøkingar og store befolkingsstudiar. Dei ser også på kva behandling som verkar best, kva sjukdomen kostar samfunnet, og korleis pasientane sjølve opplever kvardagen med MS.

MS-noden prøver å løyse nokre av dei største utfordringane innan behandling av MS. Eit viktig mål er å gi pasientar med atakkprega MS den mest effektive behandlinga på eit tidleg stadium, slik at sjukdomen blir stoppa før han utviklar seg vidare. For dei som har meir aktiv sjukdom trass i behandling, ser vi òg på moglegheita for stamcellebehandling. Vi forskar òg på korleis vi kan bremse den nedbrytinga av nervesystemet som skjer ved progressiv MS, og korleis vi kan lindre vanlege plager som smerte og stiv muskulatur (spastisitet). I det siste har vi også byrja å undersøkje om virus kan spele ei rolle i MS, og om nye antivirale medisinar kan bli ein del av framtidas behandling – eller kanskje til og med førebygging – av sjukdomen.

Nodens leiar: Kjell-Morten Myhr

Myhr er overlege og professor i nevrologi og har sidan 2001 vore leiar for forskingsgruppa for MS på Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Han har tidlegare vore leiar for Kompetansesenteret for MS i Norge, det Norske MS-registeret, samt det første KG Jebsen-senteret for medisinsk forsking (på MS), og er noverande leiar for Neuro-SysMed saman med Charalampos Tzoulis.

Nodens aktivitetar

MS-noden har brei erfaring med ulike sider av diagnostisering og behandling av MS. Pågåande forskingsprosjekt har som mål å finne ut kor viktige ulike risikofaktorar og biomarkørar er for å kunne seie noko om sjukdomsutvikling og respons på behandling. Målet er å kunne skreddarsy behandlinga betre til kvar enkelt pasient og til ulike stadium av sjukdomen.

Ei stor utfordring er å bruke dei behandlingane vi allereie har på ein betre måte, og å finne nye sjukdomsmekanismar som kan angripast med framtidige medisinar – noko som er særleg viktig for å bremse den nevrodegenerative utviklinga ved progressiv MS.

I tillegg jobbar vi med å utvikle nye strategiar for å kunne førebyggje sjukdomen. For tida gjennomfører MS-noden tolv kliniske studiar som er starta av våre eigne forskarar, og seks studiar i samarbeid med legemiddelindustrien.

Du kan sjå ei oversikt over alle våre kliniske MS-studiar på sida MS og kliniske studiar.

Biomarkørforsking

MS-forskarane våre jobbar med å finne ut korleis vi kan bruke signal frå immunforsvaret til å forstå kven som har nytte av ulike behandlingar. Ved å undersøke celler frå pasientar som deltek i kliniske studiar, prøver vi å finne biomarkørar som kan hjelpe oss til å definere remisjon, og dermed kunne tilpasse dosering, behandlingstid og pasientutval for ulike behandlingar.

Vi ser også på små partikler som blir skilde ut frå celler, såkalla ekstracellulære vesiklar, for å finne ut om dei kan brukast som teikn på sjukdomsaktivitet og behandlingseffekt – spesielt ved bruk av B-cellebehandling hos pasientar med attakkprega MS.

I tillegg forskar vi på sjukdomsutviklinga ved meir langvarig og gradvis forverra MS (progressiv MS), ved hjelp av både celleforsøk og dyremodellar. Her undersøker vi blant anna om stamceller kan bidra til reparasjon i nervesystemet, og kva rolle dei spesialiserte immuncellene i hjernen (mikroglia) spelar i sjukdommen.

Vi brukar også stoff som blir sleppte ut frå øydelagde nerveceller – såkalla nevrofilament – for å måle kor mykje nerveskade pasientane har, både i ryggmargsvæske og blod. I samarbeid med MMIV-senteret på Haukeland universitetssjukehus brukar vi MR-bilete for å følgje med på korleis behandlingane verkar inne i hjernen.

MS-registeret

MS-registeret er også viktig for oss, der vi gjennomfører langtidsstudium av tryggleiken ved MS-behandlingar, og analyserer data frå pasientar for å finne ut kor godt pasientane følgjer behandlinga og kva som påverkar om dei sluttar med behandlinga. Ved hjelp av data frå MS-registeret kan vi og vurdere nytta av å starte tidleg med det mest effektive medisinane samanlikna med ein strategi med opptrapping.

Sist oppdatert 28.05.2025