Unikt sivilt-militært samarbeid styrkar blodberedskapen på Vestlandet
For å styrke blodberedskapen ved større sivile katastrofar eller terrorangrep har Helse Bergen og Saniteten i Sjøforsvaret etablert eit samarbeid om tappestasjon på Haakonsvern Orlogsstasjon.
Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap (Nokblod) har inngått eit samarbeid med Saniteten i Sjøforsvaret om å bygge eit heilhetleg blodprogram. Etableringa av ein egen tappestasjon på Haakonsvern Orlogsstasjon er ein del av dette arbeidet.
Samarbeidet mellom Helse Bergen ved Avdeling for Immunologi og Transfusjonsmedisin og Sjøforsvaret starta i 2012, da det vart etablert vandrende blodbank på fregatt i forbindelse med oppdrag i Aden-bukten. Det har også tidlegare vore eit tappestad for Blodbussen på Haakonsvern, men med eit ønske om å få til eit meir permanent samarbeid. Det blir no arbeida vidare med eit konsept for bruk av blodtransfusjon og vandrende blodbanker i Sjøforsvaret.
-Ved å etablere ein tappestasjon som ein filial av Blodbanken i Bergen ved Haakonsvern, vil vi få fleire blodgivare, sikre fleksibilitet gjennom fleire tappestadar, og vi bygger kompetanse om tapping og transfusjon av blod i Sjøforsvaret, seier Torunn Oveland Apelseth, leiar for NokBlod.
Eit samarbeid for å auke tilgjengeligheit på blod i beredskap
Blodtransfusjon er eit livreddande tiltak ved store blødningar, og det er viktig å ha tilgang på blod tidleg. Dette samarbeidet gir moglegheiter til å prøve ut løysingar for å sikre tilgang på blodtransfusjon for soldatar, samtidig som kapasiteten for tapping av blod aukar. Det er tilsette i Sjøforsvaret som allereie er registrerte blodgivarar ved Blodbanken i Bergen som kan gi blod ved Haakonsvern. Det er også ein ambisjon å rekruttere nye blodgivarar blant dei tilsette ved Haakonsvern.
-Tilstrekkeleg blodberedskap i Noreg krev innsats både frå sivil og militær side, og denne jobben må vi gjere no. Det samarbeidet vi har etablert mellom Saniteten i Sjøforsvaret, Nokblod og Helse Bergen er unikt på landsbasis. Målet vårt er at det arbeidet som vi har gjort her skal føre til etablering av tilsvarande tappestasjonar i militære leire i heile Noreg, understrekar Torunn Oveland Apelseth.
Kommandør og sjef for Saniteten i Sjøforvaret, Ole Budal, legger til:
-Totalforsvaret har fått auka fokus dei siste åra, og dette treffer også helsetenester sivilt og militært. Alvoret i den auka sikkerheitspolitiske spenninga har og gitt auka medvit om beredskap. Dette vart også forsterka gjennom erfaringane frå Covid pandemien. Vi er eit lite land og det er viktig at vi i større grad evnar å samarbeide på tvers av sektorane, i dette tilfellet mellom Forsvar og helsesektoren. Gjennom samarbeidet med blodbanken og Nokblod forbetrar vi den totale blodberedskapen, både gjennom eit auka antall blodgivare og moglegheit til å rekruttere fleire blodgivare.
Vi oppnår auka kompetanse for vårt eige personell når dei no får opplæring i blodtapping, noko som også er nyttig i vårt arbeid med vandrende blodbank. Vi får knytta viktige relasjonar mellom sektorane slik at vi er betre førebudd på samarbeid i krise og konflikt. Ansatte i Blodbanken får eit innblikk i vår verksemd og blir i betre stand til å ivareta rollen i Totalforsvaret. Eg opplever dette som vinn-vinn for alle partar. Men viktigst er eit auka potensiale for å redde liv gjennom forbetra blodberedskap, avsluttar Budal.