Haukeland stiller sterkt på Forskingsdagane 2024
I år fyller Forskingsdagane 30 år, og markerer jubileet med eit tema som engasjerer alle, nemleg helse. Då skulle det berre mangle om ikkje Haukeland universitetssjukehus er godt representert.
Forskingsdagane er ein viktig arena for synleggjering av forsking og innovasjon, og bidrar til å skape interesse for forsking og innovasjon hos folk flest, men ikkje minst hos barn og unge. Det er viktig for framtidig rekruttering til arbeid som byggjer på forskingsbasert kunnskap – slik som i spesialisthelsetenesta.
-Vi som jobbar på sjukehuset får no sjansen til å sjå korleis nokre av våre flinke forskarar og innovatørar presenterer arbeidet sitt til folk flest. Så møt opp på Forskingsdagane, ta med deg vener og familie, og besøk aller helst Forskingstorget på Festplassen laurdag 21. September, seier fagdirektør Marta Ebbing.
På Forskningstorget på Festplassen 21.september stiller Haukeland universitetssjukehus (HUS) med følgande stasjonar:
- Kan digitale hjelpemidler bedre den psykiske helsen i befolkningen?
Forhelse, HUS
- Medisinsk KI
Mohn Medical Imaging and Visualization Centre, Radiologisk avdeling, HUS
- Hjernens mysterier og kroppens reflekser med interaktiv testlab
Neuro-SysMed, Universitetet i Bergen/HUS
- Spiseforstyrrelser
Regional avdeling spiseforstyrrelser, HUS
- Tidlig Oppdagelse av Psykose (TOPS)
Psykiatrisk klinikk, TOPS, HUS
- Vår forskning – Din helse! Fra utprøvning til ny behandling
Forskning og innovasjon, HUS
Les meir om Forskingstorget
I tillegg har Haukeland deltakarar på Researchers Night – Magemysteriet
Og Julie Andrea Dybvik (Radiologisk avdeling / Mohn Visualiseringssenter) er med i Forsker Grand Prix med innlegget: Kan kunstig intelligens gi legen superkrefter?
og vi inviterer til seminar om kliniske studiar:
Lær om kliniske studiar under Forskingsdagane - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)