Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny oppmøtestad og nytt køyremønster til Psykiatrisk akuttmottak (PAM)

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) på Sandviken-området skal byggast om. I byggefasen vil PAM vere lokalisert i to bygg. Det kjem nye skilt på området.

Publisert 16.01.2024
Sist oppdatert 04.09.2024

Nytt køyremønster gjeld frå og med 17.01.2024. Sjå bilete under  

  • Mottak PAM 1: Sandviksleitet 1, bygg 7  
  • Mottak PAM 2: Sandviksleitet 1, bygg 3   
Flyfoto som viser nytt kjøremønster til Psykiatrisk akuttmottak.
Nytt køyremønster til Psykiatrisk akuttmottak gjeld frå og med 17.01.2024.

Bygger om etter tilsyn  

Klinikkdirektør Brede Aasen fortel at bakgrunnen for ombygging er Helsetilsynet si vurdering av lokala i PAM 2023. Ein av konklusjonane i rapporten frå Helsetilsynet var at Helse Bergen ikkje har sikra at skjermingslokala i Psykiatrisk akuttmottak er utforma og materielt utstyrt på ein slik måte at kravet til forsvarleg helsehjelp vert ivaretatt.   

– Seks av sengepostane på Sandviken-området har allereie gått gjennom store forbetringar av dei fysiske forholda etter besøk frå Sivilombodet i 2018. Det har vore krevjande å gjennomføre ombygging av akuttpsykiatriske sengepostar med samtidig drift, men me har ein god plan for PAM, seier Aasen.  

Allereie 4. januar vart Kompleks rehabiliteringsseksjon (KRS) flytta til Dr. Martens. I tillegg har ei av sengepostane for stemningslidingar (S1) flytta til nye lokale for å frigjere kapasitet til PAM. 17. januar skal PAM1 flytte til hovudhuset, og den 18. januar startar ombyggingsarbeidet. Heile ombygginga skal vere ferdig mai 2025.   

– Det er svært bra å komme i gang med ombygging slik at forholda på PAM kan gi eit trygt og helsefremmande miljø for pasientane, seier Aasen.  

Les meir om Psykiatrisk akuttmottak >>