Siste dag på jobb for sjukehuspresten
I 36 år har presten vore der for menneske i sine mest kritiske livssituasjonar her på sjukehuset, no skal Liv Ingrid Svela fokusere på relasjonane med sine næraste, og spesielt med dei fire barnebarna sine.

10 år gammal og yngst av fem søsken opplevde ho å miste far sin som var 52 år. Mora sat igjen med garden dei budde på, med sauer, kyr, og ein hest.
Svela meiner denne livserfaringa fekk noko å seie for trua hennar.
- Tanken på at far ikkje berre var borte, men at han var ein stad og venta på oss, har absolutt hatt noko å seie, seier ho.
Då Svela seinare studerte teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo, visste ho at ho kunne tenkje seg å bli sjukehusprest.
- Å miste nokon som du er veldig glad i er voldsomt på mange måtar. Men då kan små ting bli viktige, og gjere opplevinga litt annleis, sjølv om det er like vondt. Som sjukehusprest kan ein vere med å bidra til at det kan vere litt lys også midt i det mørke, meiner ho.
Underviste om homofil kjærleik
Svela vart tilsett i eit vikariat som sjukehusprest i 1989, og det var ikkje alle som anerkjende tilsetjinga av ei ung kvinne i denne stillinga, men dåverande viseadministrerande direktør ved sjukehuset, Tore Nepstad, lét seg ikkje påverke. Prestane som skulle jobbe ved sjukehuset hadde tidlegare vorte utnemnde av biskopen til dette, men no var det sjukehusa som sjølv tilsette prestane sine.
- Eg vart tilsett i ei brytningstid for sjukehuset, der prestane vart meir integrerte i det andre arbeidet ved sjukehuset, som palliasjon, krisestøtte og klinisk etikk fortel Svela.
Prestane jobba den gongen litt med kvar sine område, og Svela knytte til seg Nevrologisk avdeling der ho vart godt kjend med dei tilsette, og ho kjende seg som ein del av fellesskapen der.
Det same gjorde ho med Infeksjonsposten, der ho fekk erfaring med korleis AIDS-sjukdommen ramma homofile par.
- Det gjorde at eg engasjerte meg i dette med kyrkja og homofili. Eg lærte mykje den tida, og eg brukte erfaringane mine til å fortelje bispedømmet om opplevinga av homofil kjærleik. Kjærleiken som blir så veldig tydeleg når nokon er glade i kvarandre, og sørgjer, fortel Svela.
Å vere relevant
Den erfarne presten er fornøgd med korleis prestetenesta i sjukehuset har klart å følgje med i tida, og halde fram med å vere relevant. Samtidig meiner ho at ho ikkje er mindre prest no enn då ho byrja i jobben på slutten av 80-talet. Vi blir etterspurde i mange ulike situasjonar både frå pasientar, pårørande og personale.
- Men det er ikkje tru eller tilhøyrsel til kyrkja som er inngangen til møta eg har. Det handlar om kva pasientane opplever at eit menneske som er prest kan vere med å bidra med. Personalet tilrår oss ofte i krevjande situasjonar når pasientar eller pårørande treng ekstra nærvær og støtte, seier ho.
Noko av det som har gjort inntrykk på Svela er den tilliten pasientar og pårørande har vist henne.
- Det er noko med presterolla. Vi skriv ikkje noko i journal og det som blir sagt i samtalar blir verande i fortrulegheit. Med den tilliten har eg fått teke del i livet til den enkelte og fått lære mykje om djupnene i livet, fortel ho.
Ho trekkjer fram ei tid der det ikkje var så vanleg å snakke om seksuelle overgrep. Det vart ikkje snakka om det i særleg grad i sjukehuset heller, men det var mange pasientar som vart re-traumatisert ved innlegging, i samband med undersøkingar og det å miste kontrollen.
- Det er rart å seie at ein har trivest med ein sånn jobb, når ein går inn i så mykje liding, men det er noko med dei ærlege møta der ein snakkar om det som betyr noko. Eg trur eg kjem til å sakne det. Å vere ute i sjukehuset og snakke med menneske, og kjenne at ein bruker så kort tid på å bry seg om nokon ein ikkje kjenner, seier Svela.
Skremmande tanke
Svela har jobba ved sjukehuset så lenge no, at det hender det kjem inn familiar igjen som har møtt på presten for fleire tiår sidan. Ho er del av mange sine minner om ei vanskeleg tid på sjukehuset. Akkurat det synest presten er skremmande.
- Noe er kvardag for meg, og så går eg inn i ein situasjon og ein dag som dei eg møter ikkje kjem til å gløyme. Når vi møter så mange menneske i svært sårbare situasjonar så er det like spennande kvar gong, om menneska opplever å bli møtte på ein god måte. Eg håpar og trur at det har vore flest av dei gode møta. Møte der eg lét meg berøre og møtte den enkelte eller familien med vennlegheit, medmenneskelegdom og respekt, seier Svela.
Støtte for dei tilsette ved sjukehuset
Presten har opplevd å vere viktig også for personalet på sjukehuset.
- Vi tilsette er menneske som i periodar kan streve med alle slags utfordringar både privat og med eit krevjande arbeid. Mange har opplevd det nyttig med ein samtale der ein blir møtt og kan sortere sine eigne tankar utan at noko blir meldt vidare. Andre gonger er det ei heil gruppe på ei avdeling som har vore i ein særs krevjande situasjon. Då samlast vi og kan dele tankar og opplevingar. Det kan styrkje fellesskapen og gi mot til å halde fram og møte nye situasjonar, fortel ho.
Kva no?
Når døra no blir lukka på sjukehuset, går Svela ei framtid utan arbeid i møte.
- Eg ser fram til å forhåpentleg sleppe å forhalde meg til frykteleg mykje liding, seier ho.
Fokuset skal vere på familien, og å vere ei trygg bestemor for dei fire vesle barnebarna sine. Dessutan har ho lurt på om ho skal byrje å spele eit nytt instrument.
- Då er det i så tilfellet tverrfløyte, ler ho.
Fakta
Liv Ingrid Svela
Fødd på Åreskjold i Sandnes i 1958
Uteksaminert teolog ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1985
Ordinert til prest i 1986 i Sviland kapell
Tilsett som sjukehusprest ved Haukeland i 1989