Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opning av ny CPET på Voss sjukehus 

I vedtektene til Voss Sparebank står det at overskotet mellom anna kan nyttast til ålmennyttige føremål. Kva kan vel vera meir ålmennyttig enn å gje ei gåve til Voss sjukehus?

Publisert 24.09.2024
Sist oppdatert 16.10.2024
en person på en tredemølle og en person i helseuniform ved siden av
Alf Gunnar Sortland testar utstyret, medan Line P. Lærum følger med på skjermen. Begge arbeider som lungesjukepleiarar på Voss sjukehus og ei av oppgåvene deira er å gjennomføre slik testing.

Voss sjukehus har fått CPET i gåve frå Voss Sparebank. På «opninga» av CPET’en fekk sjukehuset besøk av Voss Sparebank ved administrerande banksjef Jørund Rong og styreleiar Trond Syversen. 

Styreleder i Voss sparebank taler for personer rundt et bord

Frå venstre: Styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, administrerande banksjef Jørund Rong og styreleiar Trond Syversen i Voss sparebank.

Både sjukehusleiar Birger Lærum, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen, og styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, er takksame for den rause gåva. Dei meiner dette er eit symbol på den gode støtta Voss sjukehus har i lokalsamfunnet og det viser at det blir satsa på sjukehuset.  

Til opninga kom også professor Tone Norekvål i Helse Bergen og professor Heather Allore fra Yale University som forskar på hjarterehablitering. Mange tilsette ved sjukehuset var også tilstades.

Slepp å reise til Haukeland

Når Voss sjukehus no har fått CPET slepp pasientar å reise til Haukeland for å gjennomføre avansert undersøking av hjarte og lunger under fysisk aktivitet.  

Lungelege Atle Riise fortel at testing av pasientar med CPET er viktig i utgreiinga av lunge og hjartesjuke. Voss sjukehus kan i tillegg til å undersøke pasientar i eige område også bidra med å redusere ventetidene i Helse Bergen. 

 

En mann i helseuniform ved en tredemølle
Lungelege Atle Riise

Professor Tone Norekvål seier at hjarterehabilitering er eit forsømt område i Noreg, men at dei no har fått midlar til utvikling og forsking på eHjerteRehab. Dette er eit av prosjekta i PROCARD. Testing med CPET er eit viktig utgangspunkt for pasientar som skal til hjarterehabilitering og er såleis viktig i forskinga. 

En gruppe personer rundt et bord
Administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen, er takksam for gåva. 

Hordaland testar: Kven er i best form av banksjefen, sjukehusdirektøren og journalisten? (avisa-hordaland.no)