- Anstendig arbeid og økonomisk vekst
Helse Bergen kjøper inn mange varer og tenester kvar dag. Gjennom arbeidet til Sykehusinnkjøp HF og systematisk kontroll av våre byggeprosjekt, arbeider vi for at alle skal ha anstendige arbeidsforhold.
- Ansvarleg forbruk og produksjon
Spesialisthelsetenesta har ein stor innkjøpsmakt og skal vere ein pådrivar for miljøvennleg innkjøp og sirkulær økonomi.
- God helse og livskvalitet
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
- God utdanning
Ei av hovudoppgåvene til sjukehuset er utdanning av helsepersonell. Sjukehuset har eit nært samarbeid med høgskular og universitet. Utdanning og kompetanseheving av tilsette er eit viktig mål for oss.
- Rein energi for alle
Helse Bergen arbeider kontinuerleg for best mogeleg utnytting av energien. Det er etablert ei energigruppe som tildeler midlar til ulike ENØK-tiltak.
- Samarbeid for å nå måla
Helse Bergen samarbeider med mange ulike aktørar og på ulike område både i sjukehus-norge, og utanfor sjølve kjerneverksemda.

Grønt sjukehus
