Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Dei som tek i mot deg
Når du kjem akutt til sjukehuset er dei ei rekke menneske fra ulike yrkesgrupper som står klare for å ta i mot deg. Møt 12 av dei som gjer alt klart for deg på Mottaksklinikken.
Mottaksklinikken tek i mot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp, alt frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom eller skade. På Mottaksklinikken får pasientane ei rask og presis utgreiing, noko som gjer at pasienten får rett behandling på rett stad til riktig tid.
Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus består av Akuttmottak, Korttidsposten, Utgreiingsmottak og Akuttpost Bergen legevakt. Dei tre første er lokalisert på sjukehuset medan Akuttposten held til på Bergen legevakt.
Her får du møte menneska som tek i mot deg på Mottakskliklinikken. Velkommen inn!