Kan denne menyen endre livet ditt?
1 av 10 nordmenn har irritabel tarm. Ved å redusere eller kutte inntaket av enkelte karbohydrat kan du ta tilbake kontrollen over tarmen din.
I min kvardag som ernæringsfysiolog møter eg mange menneske som i større eller mindre grad har mageproblem. Faktisk er så mange som 1 av 10 menneske i Norge plaga med irritabel tarm (IBS), og eg ser mange som får eit betre kvardagsliv med eit lavFODMAP-kosthald. Sjølve FODMAP-dietten har tre fasar og målet er å finne ut kor mykje FODMAP-matvarer du kan ete utan at det gjev plager.
Fakta om menyen
- Irritabel tarm (IBS) er mageplager på grunn av avvik i tarmens funksjon av ukjend årsak.
- IBS gjev ikkje utslag på blodprøver, vevsprøvar eller avføringsprøvar. Det er ikkje mogeleg å finne nokon fysiske feil i fordøyelsessystemet.
- Plagene er magesmerter, gassproblematikk (oppblåst mage), avføringsforstyrringar som diaré eller forstoppelse, eller veksling mellom desse. Symptoma kjem periodevis og er ofte påverka av stress.
- Cøliaki (glutenallergi) må vere avkrefta før du startar med dietten. Det er fordi glutenallergikarar kan oppleve symptomlindring av dietten, noko som kan gjere det meir komplisert å diagnostisere cøliaki.
- LavFODMAP-kost er ikkje lavkarbo eller glutenfri kost. Det er kost med lite tungtfordøyelege karbohydrat.
- FODMAP er forkorting for Fermenterbare Oligi-, di- og Monosakkarider og (and) Polyoler.
- Australske forskarar ved Moash University har utvikla «lavFODMAP-dietten», ei rekke studiar har vist at dietten gjev symptomlindring for dei fleste med IBS.
- FODMAP-karbohydrat blir tolerert hos folk flest. Menneske med irritabel tarm får likevel plager blant anna fordi tarmen er meir sensitiv for auka gassproduksjon og det auka trykket det gjev i tarmen.
FODMAP er enkelt sagt ei gruppe karbohydrat som tynntarmen kan ha vanskar med å bryte ned og absorbere. Desse karbohydrata kan gje symptom som mykje luft i magen, smerter og diare/forstopping. Tolegrensa for FODMAP er individuell og du kan tole nokre FODMAP-grupper betre enn andre.
Før eg anbefaler ein lavFODMAP-diett er det viktig at fastlegen din har fastslått IBS. I tillegg anbefaler eg deg å optimalisere forholda for tarmen og fordøyelsen ved å følgje nokre enkle tips som å ete regelmessig (kvar 4 time), tyggje maten godt og ha ro rundt måltidet. Tarmen sit stor pris på at du drikk minst 8 glas vatn/koffeinfri drikke gjennom dagen. Drikk gjerne kaffi eller te, men reduser inntaket til 3 koppar for dagen. Alkohol og drikke med kolsyre kan auke mageplagene, og overraskande for mange, du skal unngå sukkerfri tyggegummi og pastillar med sorbitol, det kan faktisk gje diaré.
Eg ønskjer at du skal få betre livskvalitet med eit kosthald som er skreddarsydd til deg slik at du lever med færrast mogeleg plager og minst mogeleg restriksjonar.
Klinisk ernæringsfysiolog Camilla Hennie Kristianslund
Eg snakkar ofte med folk som et mykje fiber i håp om å bli betre i magen, men enkelte har faktisk nytte av å redusere inntaket av ein del fiberrike matvarar som kli, rugbrød, fruktskal og heile korn. Tolegrensa for fiber ved IBS er varierande og løyseleg fiber (fiber frå blant anna havre, linfrø, rotgrønsaker og sitrusfrukt) er enklare for tarmen å handtere. Fordøyelsen sit også pris på om du fordeler fruktinntaket (3 små porsjoner) utover dagen.
Dersom du framleis slit med symptom anbefaler eg varmt å teste ut lavFODMAP-dietten og for enkelhets skuld kan du starte med denne fire-dagarsmenyen.
På nettsidene våre finn du alt du treng å vite om korleis gjennomføre dietten, lav FODMAP-matvarer samt ulike oppskrifter.
Etter å ha testa ut ulike matvarer frå dei ulike FODMAP-gruppene er målet at du skal ha fått betre innsikt i kva slags matvarer du toler og kva som er di tolegrense. Mange opplever at dei kan ete mange høgFODMAP-matvarer, men at dei ikkje kan ete dei like ofte eller i same mengde som dei gjorde tidlegare.
Eg ønskjer at du skal få betre livskvalitet med eit kosthald som er skreddarsydd til deg slik at du lever med færrast mogeleg plager og minst mogeleg restriksjonar.
#blimedinn
Sist oppdatert 28.12.2023