Det vesle ekstra på Haukeland
Frivilligkorps
Eit møte med sjukehuset kan vere eitt av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.
Våre frivillige skal vere eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset, utan å vere ei erstatning for dette. Vi er populære, og mange avdelingar ønsker hjelp frå dei frivillige. Vi treng heile tida påfyll av frivillige for å møte behova ved sjukehuset.
-Eg følte meg veldig åleine. Eg hadde eit sterkt behov for å prate litt med andre.
For 9 år sidan var Indira Liseth (30) langtidspasient på Haukeland universitetssjukehus. Opplevingane frå tida som innlagt er mykje av årsaka til at no valde å melde seg til teneste som frivillig.
Sist oppdatert 26.09.2022