Fastlege, legevakt, skadepoliklinikk eller ambulanse?
RING fastlege - ved mindre alvorleg skade eller sjukdom som kan vente
Om du er sjuk, men kan vente nokre timar eller dagar, ber vi deg om å ta kontakt med fastlegen din.
RING 116 117 - ved mindre alvorleg skade eller sjukdom som fastelege ikkje kan hjelpe med
Helse Bergen og Bergen Kommune samarbeider om pasientar som treng øyeblikkeleg helsehjelp. I Bergen helsehus finn du:
- Skadepoliklinikken som har ansvar for behandling av akutte skadar i armar og bein - brot og forstuingar, kutt, sår og brannskadar.
- Bergen legevakt som har ansvar for å behandle akutt medisinsk og psykisk sjukdom, hjerneristing, augeskadar og ryggskadar. Legevakta har også spesialtilbod som livskrisehjelpa, overgrepsmottak og sjukeheimslegevakt
RING 113 (ambulanse) - ved kritisk eller livstruande skade eller sjukdom
Telefonen er ope 24 timar. Når du ringer må du seie:
- Kor er personen? Adressen er viktig
- Kva er problemet?
- Er personen vaken og kan snakke?
- Pustar personen normalt?
Du må vere roleg og svare på spørsmål. Du må gjere det du får beskjed om.
Akuttmottak tar imot pasientar som er tilvist frå fastlege eller legevakt, eller som kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Sist oppdatert 09.12.2025