Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
protonsenteret_skisse

Protonbygget i Bergen

Protonbygget vert no reist i Haukelandsbakken, og skal stå klart til å ta i mot pasientar i 2025.

Det vert no etablert protonsentre ved Radiumhospitalet i Oslo og ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Frå 2024 vil aktuelle kreftpasientar frå heile landet kunne få protonterapi - ein meir presis og skånsom strålebehandling. 

Protonterapi bidreg til reduserte langtidsbiverknader frå stråleterapi ved kreftbehandling.

Ved planlegging av stråleterapi er det ei helt sentral vurdering å sikre at nok sjukt vev vert stråla med riktig dose samtidig som friskt vev vert utsatt for minst mogeleg stråling.  Ved å redusere omfanget av friskt vev som vert utsatt for stråling reduserast omfanget av komplikasjonar frå behandlinga. 
 
Protonterapi har eigenskapar som reduserer omfanget av uønskt stråling av friskt vev i kroppen. Dermed bidrar dette til å minske faren for komplikasjonar og biverknader frå sjølve strålebehandlinga. Den reduserte strålinga av friskt vev kombinert med stadig meir presise behandlingsteknikkar bidrar til at færre pasientar får komplikasjonar, og reduserer biverknader frå stråleterapi.
 
Kunnskap pr i dag viser at omlag 10-15 prosent av dei pasientane som i dag får tradisjonell strålebehandling, vil ha betre nytte av behandling med protonar.  

  • Protonsenteret skal ligge i Haukelandsbakken rett over nedre stasjon av Ulriksbanen
  • Senteret skal tas i bruk i 2025​
  • Bygget skal innehalde eitt behandlingsrom med 360° roterbart gantry og eit forskingsrom med 360° roterbart gantry som skal kunne omgjerast til behandlingsrom ved behov
  • Bygget er på 5 etasjer og ca 10.700 kvm
  • Eit gantry veg 120 tonn
  • Samla kostnad for protonanlegget, inkludert tunnel- og heisløysing og medisinsk teknisk utstyr (MTU) skal være  1,278 milliardar kroner
  • Varian Medical Systems leverer utstyr til dei to protonsentra i Noreg
  • Arbeidet med å bygge, utstyre og bemanne protonsenteret er organisert i Program for protonterapi i Helse Bergen
  • Helse Bergen ved Prosjektkontoret har prosjektledelsen for bygget
  • Arkitektar: Arkitema Architects AS og Niras AS
  • Rådgjevarar: Rambøll AS, Multiconsult AS og Asplan-Viak AS

I 2017 blei 54 norske pasientar, fleire av desse barn og unge, sende til utlandet for å få kreftbehandling med protonstråling. Det finst mange pasientar som med sikkerhet kan ha nytte av protonbehandling, men som av ulike grunnar ikkje blir sende til behandling i dag. Basert på medisinske estimat er talet på norske pasientar som vil få nytte av protonterapi i 2022 langt høgare. Fleire internasjonale estimat tydar på at om lag 10-15 prosent av dei pasientane som i dag får tradisjonell strålebehandling med fotonar/elektronar, vil ha betre nytte av behandling med protonar.

Sidan 2012 har ein jobba med planar for etablering av protonterapi i Noreg. Helse Vest har leia det nasjonale prosjektet med utarbeiding planfase og idefase. Denne blei overlevert til Helse- og omsorgsdepartementet i desember 2014. Oppdraget med å gjennomføre konseptfasen blei gitt til Sykehusbygg HF, og sluttrapport for konseptfasen blei ferdigstilt i 2016. Prosessen med etablering av protonterapi i Noreg har so langt vore i nasjonal regi.

Samtidig med det nasjonale arbeidet har Haukeland universitetssjukehus (HUS) vore med å leggje til rette for etablering av protonsenter ved å investere i tomt. I samarbeid med Bergen forskningsstiftelse (BFS), Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskolen på Vestlandet (HVL) har det i same periode vore ei målretta satsing på forsking og kompetansebygging.

I revidert statsbudsjett for 2018 blei det vedtatt å sikre finansiering slik at det kan byggast protonsenter i både Bergen og Oslo. Senteret i Oslo skal byggjast på Radiumhospitalet, medan senteret i Bergen skal byggjast på Haukeland der tomta øvst i Haukelandsbakken ligg klar. Det er vedtatt ei låneramme på 907 millionar kroner og ei tilskotsramme på 389 millionar kroner til protonsenteret på Haukeland. Det vil seie at eigendelen på 30 prosent er fullfinansiert av staten.

Byggjinga av protonsenter på Haukeland er organisert som Program for protonterapi.

Programeigar og programstyreleiar

  • Eivind Hansen, administrerande direktør

Programstyre

  • Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør
  • Olav Mella, avdelingsdirektør, Avd. for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Aslak Aslaksen, avdelingsdirektør, Radiologisk avdeling
  • Askjell Utaaker, divisjonsdirektør, Drift-teknisk divisjon
  • Kristin Pundsnes, avdelingsdirektør, Økonomi- og finansavdelinga
  • Odd Andrew Storetvedt, avdelingsdirektør, Personal- og organisasjonsavdelinga
  • Erik Vigander, avdelingsdirektør, Kommunikasjonsavdelinga
  • Geir Egil Pedersen, seksjonsleder, Prosjektkontoret
  • Robert Bjerknes, prorektor, Universitetet i Bergen
  • Gro Anita Fonnes Flaten, Høgskolen på Vestlandet
  • [Programstyremedlem, Helse Vest]
  • [Programstyremedlem, Sykehusbygg HF]
  • Brit Pedersen, programleiar, Føretakssekretariatet
  • Lars-Petter Smidt, prosjektleiar - Bygg, Prosjektkontoret
  • John Einar Thorsheim, prosjektleiar - Utstyr, Prosjektkontoret
  • Merethe Storegjerde, prosjektleiar - Organisasjon, Personal- og organisasjonsavdelinga
  • Odd Harald Odland, prosjektleiar - Forsking, utvikling og kompetanse, Avd. for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Ingeborg Sævareid, føretakshovudverneombod
  • Monica Straume, tillitsvald, NRF
  • Bjørn Inge Tjøtta, tillitsvald, Tekna
  • Inge Fiskvik, Brukarutvalet

Sjå prosjektdirektiv for utfyllande informasjon om programorganisering (pdf)

Nasjonal overbygging

Utover desse prosjekta skal Program for protonterapi ha ein tett kobling mot det nasjonale verksemdutviklingsprosjektet som skal sikre likeverdig protonbehandling til norske pasientar og høgt fokus på kunnskapsutvikling innan protonterapifeltet.

Du kan laste ned illustrasjonar frå eit eige album på Flickr.
Kreditering: Arkitema Architects.

Vi sender jevnleg ut nyheitsbrev frå prosjektet. Meld deg gjerne på ved å sende epost til protonsenter@helse-bergen.no 


Vegen mot protonsenter

  • 2018: Arbeid med reguleringsplan, anbodsprosess knytta til utstyrsleverandør og romprogram i byggeprosjektet.

  • 2019: Inngå avtale med utstyrsleverandør. Detaljprosjektering av programmet. Utlysing av arkitekt- og byggekontrakt. Inngå kontrakt.

  • 2018-2024: Organisasjonsprosjekt - forsking, utvikling og kompetanseoppbygging.

  • 2020-2023: Oppstart og gjennomføring av byggjearbeid. Sikre samanheng/logistikk mot andre bygningar på sjukehuset.

  • 2023-2024: Utstyrsmontasje og testing. Oppstart behandling.

Innføring av protonbehandling til Norge

Protonterapi skal etableres som en flerregional behandlingstjeneste som sikrer kreftpasienter lik tilgang til behandlingen uavhengig av hvor de bor i landet. Behandlingen vil foregå i Oslo og Bergen, og starter opp i 2024. Arbeidet med innføring av protonbehandling til Norge er organisert som et nasjonalt virksomhetsutviklingsprosjektet.
Nasjonalt prosjekt for innføring av proton til Norge
behandlingsrom for proton.foto

Fakta om protonbehandling

Protonbehandling reduserer langtidsskader og bidrar til at flere kan leve et normalt liv etter kreftbehandling. I forhold til tradisjonell strålebehandling er det mulig å gi høyere og mer presise stråledoser til dyptliggende svulstvev noen steder i kroppen.
Fakta om protonbehandling
foton vrs proton ill

Aktuelt

Forsking og utvikling innan partikkelterapi

Haukeland universitetssjukehus satsar på forsking og utvikling i partikkelterapi med støtte frå Bergen forskningsstiftelse (BFS) til to forskingsprosjekt.
Les meir om forskingsprosjekta
Gruppebilde forskergruppe. Foto
Sist oppdatert 08.03.2024