Du kan kontakte Pasient- og brukarombodet om du:
- ikkje får oppfylt rettane dine som pasient og pårørande
 
- er misnøgd med helsehjelpa
 
- ønskjer bistand til å løyse konfliktar
 
- ønskjer råd og rettleiing
 
 
Ombodet kan gi meir informasjon om pasientrettar og / eller hjelpe deg ved eventuell klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE).
Pasient- og brukarombodet har teieplikt og hjelpa er gratis. Du kan vere anonym.
 
Du kan kontakte pasientombodet i fylket der du bur, uavhengig av kor i spesialisthelsetenesta du har fått helsehjelp.
 
Kontaktinformasjon
Telefon: 55 21 80 90
Telefontid: Kl. 09.00-11.00 og kl. 12.30-14.30
Finn meir informasjon