Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mål 4

Barn og unge får tilpassa og heilskapelege helsetenester av god kvalitet i rett tid

Vi gir barn og unge tilpassa og heilskapelege helsetenester av god kvalitet i rett tid.

Sykepleier måler blodtrykk på ung gutt. Foto

Å gi tidleg og koordinert innsats til barn og unge, og hindre forverring, er først og fremst bra for den enkelte pasient, men det er også ein betre måte å bruke ressursane på. Barn og unge skal ha eit heilskapleg tilbod av både somatiske og psykiske helsetenester, og fagfolka må i større grad jobbe i team på tvers av fagområde. Vi vil også ta vare på dei særskilte behova ungdom har. Barn og unge er ei gruppe vi skal ha særleg merksemd på i helsefellesskapet.

For at barn og unge som treng det skal få helsetenester av like god kvalitet som vaksne, er det behov for tett samarbeid mellom barne- og ungdomsmedisinen og vaksenmedisin.

Helsetenester for barn og unge må ta omsyn til barn og unge sine behov for utvikling, omsorg, læring og samfunnsdeltaking. Langvarige og samansette forløp for barn og unge har mange overgangar og derfor er samhandling med kommunane viktig. Saman kan vi bidra til å førebygge helsevanskar og understøtte meistring og livskvalitet der barn og unge lever liva sine. Dei skal oppleve tenester som heng saman, i sjukehuset, utanfor sjukehuset og i overgangane mellom desse. Desentralisering av spesialisthelsetenester, ambulante tenester, bruk av teknologi og samarbeid om forsking og innovasjon, er verkemiddel for å bidra til dette.​

Tiltak for å nå målet blir utarbeidd saman med dei 18 kommunane i felles handlingsplan. Program barn og unge med samansette behov - samhandlingsforløp er ei viktig felles satsing. Program Glasblokkene er hovudsatsinga internt for å nå målet. I tillegg blir det utarbeidd tiltak i Barne- og ungdomsklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge sine årlege handlingsplanar. Det same gjeld andre nivå 2- einingar som har barn og unge som pasientar.

  • Ventetida for barn og unge er i tråd med nasjonal målsetting
  • Prosentdel epikrisar sendt er i høve til nasjonal målsetting
  • Alvorleg sjuke barn og unge har kontaktlege/-psykolog
  • Pasientar som skal ha det, får oppretta individuell plan
  • Omfanget av avslag på tilvisingar viser lettare tilgang til tenester
  • Pasienterfaringar​ (intern lenke) viser at barn, unge og deira pårørande er fornøgde med tilbodet 
  • Årleg gjennomgang av avviksmeldingar mellom kommunane og Haukeland universitetssjukehus blir følgt opp
  • Årleg evaluering av felles handlingsplan med dei 18 kommunane blir følgt opp

Glasblokkene - eit sjukehus for barn og unge

Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Her samlar vi all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk. Her skal «eksperten komme til barnet» - og barna og ungdommen skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad.​
Les meir om det nye barne- og ungdomssjukehuset
Eksteriør - arkitekttegning av Glasblokkene plassert på foto av Haukeland campus med Sentralblokka og gravplass i forkant. Foto

Barn og unges helseteneste

Eit kart over tenestene og samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa gir oversikt over tenestens sine roller og ansvarsområde.
Les meir om tenestetilboda
Ung jente på svaberg og ser ut i luften til høyre. Foto

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

Sist oppdatert 29.08.2023