Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Her skal ein samle all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk. Grunntanken er at «eksperten skal komme til barnet». Det vil seie at barna og ungdommen skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad. I det nye sjukehuset vil fødande kvinner og deira familier få einerom. Mor og barn vil også få moglegheit til å vere saman sjølv om ein eller begge er sjuke.
Glasblokkene vil mellom anna innehalde sengepostar, poliklinikkrom, operasjonssalar, røntgenavdeling, intensiveining og mottak, og vil gje eit tilpassa sjukehustilbod til målgruppene.
Ea er ofte innom ulike avdelingar på Haukeland. Ho og mora Karethe ser fram til at det nye sjukehuset står klart i 2023. - Det blir bra at alle som jobbar med barn er samla ein stad. Vi håper på meir koordinerte timer og eit sjukehus som er tilpassa barn og unge, seier Karethe Solstad.
Sist oppdatert 14.08.2023





