Riktig bruk av laboratorietenester og bildediagnostikk er ein heilt sentral del av det høgspesialiserte pasienttilbodet. Det bidreg til rett diagnostikk og til å gjere gode behandlingsval. Undersøkingar og analysar gjort i støttetenestene er viktige i vurderinga av kva pasientar som vil ha nytte av nye metodar i behandlinga. Samtidig er kloke val viktig for å motverke overdiagnostikk og overbehandling.
I organiseringa av laboratorietenestene og det bildediagnostiske tilbodet må vi ta i bruk dei teknologiske mogelegheitene. Felles regionale fagsystem som Sectra, digitalt mediearkiv og digital patologi vil kunne auke samhandlinga, og gjere det mogleg å dra nytte av kompetanse på tvers av einingar, lokalt og regionalt, og mellom private og offentlege. Det er nødvendig å avklare spørsmål knytt til desentralisering og sentralisering for å utvikle tilbodet vidare med god bruk av ressursane og til det beste for pasientane.