Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mål 1

Leiande i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning

Som regionssjukehus har vi ei viktig rolle i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning: Vi vil vere ein pådrivar for desse oppgåvene i Helse Vest.

Helsepersonell i forskjellige uniformer stilt opp i rekke på helikopterdekket til Haukeland. Foto

Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt.
I pasientbehandlinga leverer vi høgspesialiserte tenester på mange fagfelt. Vi vil dele kompetanse med og understøtte dei andre sjukehusa sine pasienttilbod. Saman med dei andre føretaka og dei private ideelle institusjonane utgjer vi «Sjukehus i team» her i vest. Dette samarbeidet vil vi bygge vidare på for å bruke dei samla ressursane best mogleg. Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og Sykehusinnkjøp er også viktige partnarar i den vidare utviklinga av helsetenestene.

Haukeland universitetssjukehus er blant dei største beredskapsorganisasjonane i regionen, og beredskap er ein del av den daglege verksemda. I den vidare utviklinga av sjukehuset vil vi bruke erfaringane frå covid-19 pandemien for å førebu oss på kriser som kjem. Vi vil bygge vidare på det gode samarbeidet med dei andre beredskapsaktørane lokalt, regionalt og nasjonalt.

Innan forsking satsar vi på kliniske behandlingsstudiar og vi vil auke samarbeidet med andre sjukehus, universitet, høgskular og helsenæringa. Dei nasjonale og regionale sentra og fagnettverka er sentrale i dette. På fleire område vil vi også samarbeide med sjukehus elles i verda, for å dele erfaringar og lære av kvarandre. I regionalt samarbeid om utdanning skal regionsjukehuset bidra til å vidareutvikle og gjennomføre gode utdanningsløp saman med dei andre føretaka, universiteta og høgskulane. 

Tiltak for å nå dette målet må utarbeidast i nivå 2-einingane sine handlingsplanar. I tillegg vil kompetansedelplanen (PDF)​, delplan for forsking og innovasjon 2023-2026 (PDF)​ og teknologidelplanen (PDF)  ha tiltak for å nå dette målet. Gjennom leveransane i fl​eire av dei regionale samarbeidsprosjekta legg vi også grunnlag for sjukehus i team.  

  • ​​Resultata på nasjonale kvalitetsindikatorar er blant dei beste i landet
  • Talet på kliniske behandlingsstudiar aukar i alle einingar
  • Talet på vitskaplege publikasjonar og postdoktorstillingar aukar
  • Søknadar om og tildeling av ekstern finansiering aukar
  • Praksisindikatoren i Studiebarometeret er betre enn snittet for medisinstudiet, profesjonsstudiet i psykologi og dei ulike sjukepleiarutdanningane​
  • Talet på regionale og fleirregionale behandlingstenester aukar
  • Regionale fagnettverk vidareutviklar samarbeidet mellom sjukehusa

Forhelse - digitale psykiske helsetenester

Kvart år rammar psykisk sjukdom over ein million menneske i Noreg. Forskingssenteret Forhelse har som mål å auke bruken og effekten av digitale psykiske helsetenester for å auke tilgang til tenestene.
Les meir om forskingssenteret
Logo Forhelse. Grafikk

Protonsenteret

Frå 2024 vil aktuelle kreftpasientar frå heile landet kunne få protonterapi - ein meir presis og skånsom strålebehandling - ved Radiumhospitalet i Oslo og ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Les meir om protonbehandling
https://red-helse-bergen.hn.nhn.no/seksjon/protonsenter/PublishingImages/protonsenter_02.05.2019_Ankomst.jpg?format=webp&RenditionID=10

Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi med visjon om å å dekode dei molekylære fingeravtrykka av dei alvorlege hjernesjukdommane Alzheimers, Parkinsons, amyotrofisk lateralsklerose (ALS) og multippel sklerose (MS) - og gjennom dette bane vei for presisjonsmedisin.
Les meir om senterets behandling og forsking
Logo Neuro-SysMed. Illustrasjon

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

Sist oppdatert 07.09.2023