Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mål 3

Pasientar og pårørande får kunnskap og verktøy som gjer at dei kan ta vare på eiga helse

Utfordringsbiletet gjer at vi må levere tenester på nye måtar framover. Vi vil styrke pasientane sine moglegheiter til å ta vare på eiga helse.

Kvinne og mann i treningsklær sitter på hver sin blå treningsball. Foto

Pasientane ønskjer å ta større del i eiga utgreiing og behandling og sjukehuset vil legge til rette for god dialog med pasientar og pårørande. Pasientinformasjon må vere ein del av behandlinga, og vi vil sikre at samanhengande og lik informasjon er lett tilgjengeleg for pasientar og pårørande. Pasientar som har kunnskap om eigen tilstand er betre i stand til å medverke i behandlingsval og meistre ein kvardag med sjukdom og skade. Dette gjeld alle pasientgrupper, men kanskje særleg pasientar med langvarig sjukdom (kronikarar).  

Vi må ta vår del av jobben med førebygging av sjukdom og skade. Det betyr å hindre at sjukdom utviklar seg, førebygge tilbakefall av sjukdom og bidra til at pasientane kan leve best mogleg med sjukdom og skade. 

Å legge til rette for at kliniske ernæringsfysiologar, kliniske farmasøytar, fysioterapeutar og logopedar mv. deltar meir i pasientbehandlinga, vil gi pasientane betre kunnskap og fleire verktøy for å ta vare på si eiga helse. Læring og meistring som inkluderer kunnskap om tilpassa ernæring og fysisk aktivitet, blir viktig for å lukkast med å førebygge og dempe behovet for helsetenester framover. For å få til dette vil vi samarbeide med kommunehelsetenesta, men også med skule, arbeidsliv og idrettsorganisasjonar.​​

Tiltak for å nå dette målet må blir utarbeida i nivå 2-einingane sine handlingsplanar og i felles handlingsplan med dei 18 kommunane. I tillegg vil teknologidelplanen (PDF)  og kompetansedelplanen (PDF)​​ ha tiltak for å nå målet. 

  • ​Talet på kurs i læring og meistring​ og talet på pasientar og pårørande som deltek, aukar
  • Medarbeidarar med pasientkontakt har gjennomført kurs i 4 gode vaner
  • Heilskapleg pasientinformasjon er del av 90 prosent av pasientforløpa
  • Pasienterfaringar​ (intern lenke) viser at pasientane er fornøgde med tilbodet

Kurs og opplæring for pasientar og pårørande

Ved Lærings- og meistringssenteret i Bergen får pasientar og pårørande god opplæring og informasjon om eigen sjukdom eller skade, for å vere best mogleg i stand til å meistre endringar som sjukdom/skade kan føre til.
Les meir om kurs- og opplæringstilboda våre
Fire personer i treningstøy går med staver på vei mellom trær i en allé. Foto

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

Sist oppdatert 07.09.2023