Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mål 8

Sengepostane har høg kvalitet i pasientbehandlinga, rett dimensjonering og god drift

Gode sengepostar med kompetent og stabilt personell vil framleis vere ein nøkkelfunksjon i det høgspesialiserte sjukehuset.

To kvinnelige helsepersonell står i korridor på sengepost. Foto

Sjukepleiarmangelen og auken i talet på eldre kan særleg utfordre kapasiteten på sengepostane framover.

Brukarvenleg teknologi som forenklar og effektiviserer arbeidskvardagen og reduserer omfanget av arbeidsoppgåver blir viktig. Fleire typar kompetanse på sengepostane og ei anna ansvars- og oppgåvedeling må også til for å nå dette målet. Gode pasientforløp både i sjukehuset og mellom sjukehus og kommunane, vil vere avgjerande for at vi skal klare å handtere utfordringane saman.

Vi må dimensjonere sengepostane rett og ha tilstrekkeleg kapasitet til å handtere dei pasientane som vil trenge døgnplassar framover. Vi vil også legge til rette for meir smidig bruk av areala våre, bruke normalsengene betre og auke delen senger med forsterka bemanning. Vi må ha fleksibilitet på både areal- og personellsida for å handtere svingingar i kapasitetsbehov. I løpet av 2022 vil vi ha ny kunnskap om sengebehovet i sjukehuset og vi vil gjere ei ny vurdering når denne informasjonen ligg føre.

Samla sett er dei innlagde pasientane sjukare og krev høgare kompetanse og meir aktiv behandling no enn tidlegare. Vi har tru på at forbetringsarbeid er ei arbeidsform som kan vidareutvikle gode sengepostar. For å nå målet må vi sørge for at medarbeidarane har nok tid og kompetanse til å gi pasientane den helsehjelpa og omsorga dei har behov for. Stabil bemanning og lågt sjukefråvær, saman med godt leiarskap, er sentralt. Sengepostane skal vere attraktive arbeidsplassar der medarbeidarane får høve til å styrke kompetansen sin for å møte pasientane sine behov.

Tiltak for å nå målet blir utarbeidd i nivå-2 einingane sine handlingsplanar. I tillegg vil tiltak i arealdelplanen (PDF), og teknologidelplanen (PDF),  kompetansedelplanen (PDF)​​ bidra til å nå målet. Program Alle møter og Program Glasblokkene skal bidra til at sengepostane kan ta i bruk teknologiske løysingar som forenklar arbeidskvardagen på sengepostane.

  • Beleggsprosent er rimeleg
  • Liggetid er på nivå med dei andre regionsjukehusa
  • Få eller ingen korridorpasientar
  • Tal på utlokaliserte pasientar er redusert
  • Alvorlege pasientskadar er redusert
  • Personell med anna fagbakgrunn enn sjukepleiarar aukar på sengepostane
  • Kartlegging av ressursbruk i sengepostar viser rett bruk av kapasiteten
  • Pasienterfaringar (intern lenke) viser at pasientar er fornøgde med tilbodet på sengepostane 
  • ForBedringsundersøkelsen​ (intern lenke) viser gode resultat for arbeidsmiljø og pasientryggleik

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | MÅLA VÅRE

Sist oppdatert 07.09.2023