Gastroenterologi i Etiopia
Prosjektet starta i 2010 og er eit samarbeid mellom Gastroenterologisk seksjon ved Medisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Black Lion Hospital (BLH) i Addis Abeba.
Målsettinga med prosjektet er to-delt:
- Å betre diagnostikk og terapi innan gastroenterologi ved BLH, og dermed styrkje posisjonen til sjukehuset som leiande utdanningsinstitusjon i Etiopia
- HUS-tilsette skal kunne komme til BLH og få nyttig kunnskap om medisinske problem i Afrika
Legar og sjukepleiarar frå HUS held førelesningar og gjev praktisk opplæring i endoskopi og ultralyd ved BLH, to gonger i året. Tilsette frå HUS deltar i utforminga av dei formelle krava til spesialistutdanning innan gastroenterologi.
Fire kandidatar fullførte i april 2014 spesialistutdanninga si i gastroenterologi. Det er dei første gastroenterologane utdanna i Etiopia, dei siste 30 åra. Tre nye kandidatar er no kome halvveis i sin utdanning.
World Federation of Ultrasound in Medicine and Biology (WFUMB) har i samarbeid med Gastroenterologisk seksjon ved HUS vore med å etablere ei nasjonal ultralydforeining i Etiopia. Det vert no etablert eit «Center of Excellence» i ultralyd i Addis Abeba. Dette senteret skal fungere som eit opplæringssenter i ultralyd for Etiopia og Aust-Afrika.
I 2014 starta også eit forskingsprosjekt om å betre diagnostikk og behandling av leverkreft, noko som har høg førekomst i Etiopia.