Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pakkeforløp for kreft

Pakkeforløp er nasjonale standardiserte pasientforløp som er fagleg baserte og normgivande. Dei skal bidra til at utgreiing og behandling er meir føreseieleg for pasienten og samstundes bidra til auka tryggleik.

far og barn leser bok

Pakkeforløp er ein nasjonal standard for kor lang tid dei ulike elementa i eit utgreiings- og behandlingsforløp skal ta. Det er etablert 28 pakkeforløp for kreft og 31 diagnoserettleiarar for fastlegar.

Diagnoserettleiarar og informasjon om pakkeforløpa for kreft - informasjon frå Helsedirektoratet

Pakkeforløp for kreft - informasjon til pasientar, pårørande og andre på helsenorge.no

Informasjon om kreftbehandling ved Haukeland universitetssjukehus

Forløpskoordinator

Eit viktig tiltak i Pakkeforløp for kreft er forløpskoordinatorar ved alle avdelingar som greier ut og behandlar kreft.

Forløpskoordinatoren kan kontaktast av både pasientar og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med booking av timar og anna, i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.

Sjå oversikt over forløpskoordinatorar - pakkeforløp for kreft

Nyheiter om pakkeforløp

Sist oppdatert 06.01.2022