1. Kvifor innfører vi pakkeforløp?
Innføringa av pakkeforløp skal styrke det heilskaplege behandlingsforløpet. Formålet med pakkeforløp er:
- Større forutsigbarheit og tryggheit for pasienten
- Likeverdig behandling uavhengig av kor ein bur
- Unngå unødvendig ventetid
- Større brukarmedverknad og brukartilfredsheit
- Betre ivaretaking av somatisk helse og levevanar
- Betre samhandling og overgangar
- Meir systematiske evalueringar
2. Omfattar pakkeforløp alle pasientar i psykisk helsevern og rus?
Alle som blir tilviste spesialisthelsetenesta innan Tverrfagleg spesialisert rusbehandling og psykisk helse og får rett til nødvendig helsehjelp, blir omfatta av pakkeforløp.
3. Kva oppgåver ligg til rolla som forløpskoordinator?
Forløpskoordinator skal vere tilgjengeleg for pasient og pårørande og involverte instansar, til pasienten har fått eigen behandlar.
Forløpskoordinator har overordna ansvar for at
- forløpstider blir følgde
- forløpet blir koordinert
- målepunkt blir koda
4. Blir det tildelt ekstra midlar for å innføre pakkeforløp?
Nei.
5. Blir vi målt på pakkeforløp?
Ja. Dei første rapportar er planlagde å komme 30.05. 2019.
6. Kva for dato skal ein starte pakkeforløpet?
Første pasient blir tilvist til dei tre generelle pakkeforløpa 01.01. 2019
Første pasient blir tilvist til dei tilstandsspesifikke pakkeforløpa 15.02. 2019.
7. Dersom pakkeforløpet starta i anna helseforetak, kva for dato skal ein starte pakkeforløpet?
Pakkeforløpet startar i eige føretak den dato tilvisinga blir mottatt. Ein skal også registrere inn dato for "Start pakkeforløp første helseføretak" og namn på dette.