Visittid og besøk på sjukehuset

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl.17.00 og 20.00 alle dagar.

Familie på spisestue. Foto

​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida.

Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene. 

Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga​. 

Enkelte avdelingar har eigne visittidar.

For meir informasjon kan du gå til nettsida til den avdelinga du skal besøke

Før du kjem på besøk må du gjere deg kjent med gjeldande regler:

  • Du må vere frisk for å kome på besøk
  • Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
  • Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene
  • Du bør helst kome i visit​tida​, men kan óg kome til andre tider etter avtale med avdelinga

​Munnbind 

Det finst framleis pasientar og besøkande som er uroa for eiga eller andre si helse i samband med luftvegsvirus, og dei som ønskjer munnbind kan sjølvsagt framleis bruke det.

Praktisk informasjon til pasientar og pårørande

Skal du eller ein du kjenner på sjukehuset? Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, parkering, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.
Les meir om praktisk informasjon
Sentralblokka_sommer.jpg

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din.
Sjå oversikt over rettar og moglegheiter
Voss_sjukehus_fysioterapi_gangtrening_krykker_pasient_3.jpg
Sist oppdatert 11.09.2023