Praktisk informasjon til pasientar og pårørande
Skal du eller ein du kjenner på sjukehuset? Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, parkering, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.
Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl.17.00 og 20.00 alle dagar.

På enkelte avdelingar kan pasientar ta imot besøk også utanom visittida. Dette må avklarast med kvar enkelt avdeling på førehand. Enkelte avdelingar har og eigne visittidar.
Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.
For meir informasjon kan du gå til nettsida til den avdelinga du skal besøke