Seksuelt overførbare infeksjons­sjukdommar (SOI) poliklinikk

Poliklinikken for Seksuelt overførbare infeksjonar (SOI) er eit lavterskeltilbod i spesialisthelsetenesten, og har drop-in tilbod. Vi tar også imot tilvising frå fastlege. Her diagnostiserar, behandlar og informerer vi om seksuelt overførbare sjukdomar. Vi har både lege og sjukepleiar som tar konsultasjonar, og vi vurderer kven du har behov for å kome til.

Du kan møte på poliklinikk for SOI for å bli testa eller få utlevert utstyr til heimetest. Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi rår deg til å komme tidleg. Ver merksam på at inntak av pasientar kan bli stoppa tidlegare ved stor pågang. Du kan trekke kølapp frå kl. 08.00. 

Bestilling av heimetest

Du kan også få tilsendt gratis prøveutstyr for heimetest for klamydia og gonoré.

Bestillingsskjema for prøveutstyr til heimetest for klamydia og gonoré (helsenorge.no)

Informasjon om prøvetaking og innsending ved heimetest av klamydia og gonoré

Prøvesvar

Alle som har vore på poliklinikken og testa seg vil bli kontakta per telefon dersom sjukdom blir påvist. Dette gjeld også ved heimetest. 

Smittesporing

Dersom klamydia eller gonoré blir påvist, er det lovpålagd med smittesporing (Smittevernloven). For klamydia kan vi ordne både smittesporing og behandling via telefonkonsultasjon. Dersom gonoré blir påvist, må du møte til utvida undersøking og behandling på SOI-poliklinikken.

Kontakt

For generell informasjon om opningstider og ventetid - telefon

  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag 08:00 - 14:30
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 09:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
For andre førespurnader - ring telefon 55 97 39 60, telefontid tirsdag og torsdag kl. 10.00–14.00.

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå inn hovudinngang i Hudbygget. Ved ekspedisjonen tar du til høgre og du finn SOI-poliklinikken lengst ned i gangen. 

Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi råder deg til å komme tidleg, og du kan trekkje kølapp frå kl. 08.00. 

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

Opningstider

  • I dag 08:00 - 14:00
  • Måndag 08:00 - 14:00
  • Tysdag 08:00 - 14:00
  • Onsdag 08:00 - 14:00
  • Torsdag 08:00 - 14:00
  • Fredag 09:15 - 14:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Konsultasjon ved SOI-poliklinikk er vanlegvis gratis, men det er visse unntak.

Konsultasjonen er gratis dersom:
Du mistenkjer at du har ein seksuelt overførbar sjukdom. I praksis gjeld dette alle som kjem hit første gang.
Du har fått påvist det som blir definert som allmennfarleg smittsom sjukdom. Dette er: Klamydia, Gonoré, HIV, Hepatitt B og Syfilis.

Betaling ved kontroll

Dersom du kjem til kontroll ved SOI-poliklinikk av annan årsak, må du betale. Dette gjeld ved:

  • Kondylom
  • Herpes
  • Sopp
  • Bakteriell vaginose
  • Hudsjukdommar

Dersom det gjeld prøvar i samband med visumsøknad, må du ta kontakt med fastlegen din.

Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi råder deg til å komme tidleg, og du kan trekkje kølapp frå kl. 08.00. 

Opningstider

Måndag-torsdag kl. 08.30-14.00
Fredag kl. 09.15-14.00

OBS! Inntak av pasientar blir stoppa tidlegare ved stor pågang. 

  • Du kan trekke kølapp frå kl. 8.00 
  • Vi kan kontaktas på telefon 55 97 39 62 mellom kl. 08.00 og 14.00.  
  • Det er lurt å kome før kl. 11, sidan vi ofte har stor pågang 
  • For generell informasjon om opningstider og ventetid kan du ringe oss.

Prøvesvar får du på telefon 55 97 39 60 mandag, tirsdag og torsdag mellom kl 09.00 og 14.30.

​​​Du kan komme direkte til oss utan tilvisning frå annan lege dersom du:​

  • har mistanke om at du kan vere smitta med seksuelt overførbar sjukdom
  • ønskjer å bli undersøkt for seksuelt overførbar sjukdom
  • ønskjer informasjon om seksuelt overførbar sjukdom

A​lle pasientar må vise gyldig ID før dei får kome til hos oss.

Du skal kontakte din eigen fastlege ved:

  • ​​Ønskje om prevensjonsrettleiing
  • Spørsmål om graviditet/abort
  • Rutinemessig celleprøve
  • Hudproblem som ikkje er betinga i seksuelt overførbar sjukdom
  • HIV-test eller liknande til visumsøknad

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

​Ventetid
Hos oss må du regne med å vente alt frå 15 minutt til 4 timar.

Kor tid og korleis får du svar på prøven?
Alle som har vore på poliklinikken og testa seg vil bli kontakta per telefon dersom sjukdom blir påvist. Dette gjeld også ved heimetest.  

Heimetest for klamydia og gonoré

Test deg gratis for klamydia og gonoré heime. Du kan vere smitta utan å vite det.
Les meir om heimetest
To smilande unge gutar, ein med mobiltelefon, og ei jente. Illustrasjonsbilde.

Gode råd for kondom

Her gir vi deg gode råd for bruk av kondom.
Les meir

Brosjyrar og informasjonsskriv

Sjå våre brosjyrar om hudsjukdommar.
Sjå alle brosjyrane våre
Hylle med blader