NAV hjelpemiddelsentral - Synshjelpemiddel

Har du ei varig synsnedsetting kan du ha rett til hjelpemiddel som kan betre funksjonsevna di.

Optiker og pasient, synsmåling

Årsak til nedsett syn må diagnostiserast av augelege. Du blir rekna som svaksynt dersom synsevna di er redusert til om lag 6/18 (0,33) eller dårlegare. Med ein slik synsreduksjon vil du sannsynlegvis ha problemer med å lesa på vanleg avstand sjølv om du nyttar briller. Redusert synsfelt, nedsett kontrastsyn eller dårleg mørkesyn kan og gje rett til hjelpemiddel.​​

Det finst eit stort spekter av hjelpemiddel for deg med synsvanskar, nokre blir dekt av det offentlige, nokre må du dekke sjølv. Du kan få hjelmemiddel både til bruk i dagleglivet og i skule eller arbeid.

Eksempel på synshjelpemiddel:

  • ​Svaksyntoptikk
  • Spesialtilpassa datautstyr
  • Orienteringshjelpemiddel
  • Hjelpemiddel for skriving og lesing av punktskrift og daisyspelarar

​Korleis søke om synshjelpemiddel til bruk i dagleglivet

I kommunar knytta til tidlegare Hordaland fylke er det Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) som kartlegg ditt behov for hjelpemiddel, bistår med søknad og tilbyr opplæring i bruk av utstyret.

I alle andre kommunar er det ein kommunal synskontakt som har denne oppgåva. Desse kan du kontakte via Koordinerande eining (KE) i din kommune.

Korleis søke om synshjelpemiddel til arbeidsplassen?

​Brukar søkjer i samarbeid med arbeidgjevar direkte til NAV hjelpemiddelsentral, utprøving av hjelpemiddel skjer hos hjelpemiddelsentralen.

Augelegen skal ikkje sjølv søkje om hjelpemiddel (han ville då få ansvaret for opplæring i bruken av utstyret), men kan bli bedt om å sende inn synsopplysningar på førespurnad.​ ​​​

Relaterte lenker

NAV Synshjelpemidler 

Hjelpemiddeldatabasen Synshjelpemidler

Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT)

Koordinerande eining (KE)​​

Sist oppdatert 25.10.2022