Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En kvinne som leser en bok

Barn og unge på sjukehus

Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.

Her finn du informasjon om korleis det er å være barn eller ungdom på sjukehus, samt tips og råd til korleis du kan ha ei litt betre tid medan du er her.

Kino

Visste du at Bergen kino har ein heilt eigen kinofilial på Energisenteret?
Ein til to gonger i veka blir gymsalen i Energisenteret omgjort til ein kinosal. Her kan du sjå dei nyaste kinofilmane. 

Her finn du informasjon om komande framvisningar 

Gøy i gymsal

I helger og enkelte kveldar kan du og dine pårørande låne gymsalen i Energisenteret til leik og moro. 

Sjekk korleis du får tilgang her​ 

BUS_I_Energisenteret_idrettshall_håndball_basketball_østveggen_1.jpg
 

Aktivitetar med pasientorganisasjonar

Fleire pasientorganisasjonar har vekentlege aktivitetar i gymsal og basseng ettermiddag- og kveldstid.

Sjå om det er nokre av tilboda som passar deg her 

bordtennisskolen_tommy.jpg
 

Moro i resepsjonsomårdet

Lyst å spele dataspel samstundes som du syklar? Eller kanskje utfordre ein kompis eller eit søsken i bordtennis? Eller har du lyst å prøve å spele flygel? 

I resepsjonsområdet i Glasblokkene fins der fleire aktivitetar du kan teste ut heilt utan å måtte ha spesialtilgang, booke eller vente på eigne åpningstider.

BUS_I_mingleområde_1.etasje_blokk_2_utsmykking_sitteputer_barn_leker_fysioterapeut_3b (1).jpg
 

Turar i nærmiljøet

På sjukehus kan det fort bli mykje tid inne. Av og til kan det være godt å kome seg ut i frisk luft.

Her er tips til nokre turar du kan ta saman med pårørande i nærmiljøet 

Hugs å klarere med legen din at det er greitt at du forlèt sjukehusavdelinga før du går.

49515544086_7dcd826425_b.jpg

Musikkterapi

Du treng ikkje vere ein kløppar til å spela noko instrument eller vere god til å synge for å ha det kjekt i lag med musikkterapeutane. På musikkrommet føregår det ulike aktivitetar som improvisasjon, song, samspel, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving.

Les meir om tilbodet her

Musikkterapi_terapeut_gutt_gitar_2.jpg
 

Leiketerapi

Leiketerapien finn du i underetasjen på Marie Joys' hus. Her kan du leike, lese, spele, være kreative og skapande – eller berre slappe av i andre omgjevnadar.

Les meir om tilbodet og opningstider her

BUK_leiketerapi_2.jpg
 

Kunstterapi

Gjennom å skape ulike former for kunstverk og gjennom å vere kreativ, kan kunstterapi hjelpe deg til å gløyme sjukdom for ei stund. Det gjer ingenting at du ikkje har måla, teikna eller vore så kunstnarisk tidlegare – i kunstterapien er det plass til alle. 

Her kan du lese meir om tilbodet​ 

kunstterapi.jpg
 

Klovneri

Klovnane du møter her hos oss ønskjer å skape glede og tar deg med inn i fantasiens ver for ei lita stund. Vi får besøk av sjukehusklovnar på faste dagar, som går rundt og helser på barna som er på sjukehuset.

Les meir om Sjukehusklovnane her

Barneklinikken_klovn.jpg

Ungdomsrommet i Glasblokkene

Ungdomsrommet i Glasblokkene er meint som ein stad der du som ungdomspasient kan kople av frå behandling og «bare være ungdom». Du kan ta med deg vener hit, eller du kan gå hit aleine. Her skal det være fritt for behandlingspersonell og andre vaksne.

Les meir om Ungdomsrommet i Glasblokkene her

BUS_blokk_4_etasje_3_ungdomsrommet_sofa_lesing_dataspel_1.jpg
 

Ungdomsrommet på Kreftavdelinga

Ungdomsrommet på Kreftavdelinga skal være ein fristad for unge vaksne og ungdom med kreft, samt for unge pårørande til kreftramma. Rommet finn du i etasje U1 i Sentralblokka.

Les meir om Ungdomsrommet på Kreftavdelinga her

ungdomsrommet_860.jpg
 

Urtehagen

På takterrassen utanfor «Cafe 3» i Sentralblokkas tredje etasje på Haukeland universitetssjukehus har ei gruppe eldsjeler dyrka fram ein liten oase til glede for pasientar, pårørande, tilsette og andre besøkande.

Her kan du lese meir om Urtehagen

Urtehagen-17-860.jpg
 

Pasientbiblioteket

Av og til kan det være godt å kople av med ei bok, nokre teikneseriar eller ein DVD. Då kan Pasientbiblioteket vere ein smart stad og besøke. Pasientbiblioteket ligg i etasje 0 i sentralblokka ved hovudinngangen.

Les meir om Pasientbiblioteket her 

Interiør pasientbiblioteket ved Haukeland universitetssjukehus. Foto

Resepsjonsområdet i Glasblokkene

I resepsjonsområdet i Glasblokkene er det ikkje berre mange artige aktivitetar som du kan prøve ut. Her er det også mogleg å studere kunstverk, gjere lekser eller bare sitje å slappe av aleine eller saman med vener eller pårørande.

34991376772_2859f066c3_b.jpg
 

Energisenteret

Energisenteret for barn og unge har mange aktivitetar som barn og ungdom og deira pårørande på sjukehuset kan nytte.

Sjekk ut heimesida for meir informasjon om Energisenteret og kva tilbod dei har

Uten navn2.jpg
 

Leikeplass

Leikeplassen ligg utanfor Marie Joys hus. Ta med deg ein venn og kle deg godt.

Gutt i klatrestativ på lekeplass. Foto

​​Barn og unge som er innlagt på sjukehus i meir enn ein veke, har rett på opplæring frå Sjukehusskolen. Dette gjeld alle som har skoleplass. Ved gjentakande opphald i sjukehus, er det nok å kontakte Sjukehusskolen om at barnet/ungdommen er tilbake og klar for opplæring.

Barna/ungdommane kan få undervisning på sengeposten når dei treng å halde seg på sitt eige rom. Lærerane vil tilpasse skolearbeidet til eleven sin dagsform og plan for behandling.

Det blir lagt mest vekt på fag som norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, natur og miljø, i tillegg til forming og musikk. Skolen prøver å gi barna/ungdommane ein variert skoledag.

Sjukehusskolen er avhengig av at sjukehuset informerer oss om pasientafr som har rett til skolegang. Det er ein stor fordel om tilmeldingsskjema til sjukehusskolen er utfylt ved innlegging, da går prosessen raskare.

Les meir om Sykehusskolen her

 

Sjukehusskulen-(7).jpg

 

 

Visste du at du har rettar som pasient på sjukehuset?

  • ​Du har rett til å få informasjon om helsetilstanden din
  • Du har rett til å få informasjon om kva behandlinga di går ut på
  • Du har rett til å få informasjon på eit språk som du forstår
  • Du har rett til å ha minst ein av foreldrene dine tilstade under eit sjukehusopphald
  • Du har rett til å seie di meining og rett til å bli høyrt i saker som gjeld helsetilstanden din og behandlinga di
  • Du har rett til å sjølv bestemme om dine føresette skal vere med deg inn til legen/anna helsepersonell
  • Når du er 16 år har du i dei aller fleste tilfelle rett til å sjølv bestemme om du skal ha behandling
  • Når du er 16 år har du rett til å bestemme kven som skal få informasjon om helsa di og besøka du har gjort hos helsetenesta

Har du ein mamma, ein pappa eller eit søsken som er alvorleg sjuk, skal helsepersonell sørgje for at du får nødvendig oppfølging og informasjon om situasjonen.

Les meir om rettane dine på Helse Noreg 

Har du hatt kjipe opplevingar i helsetenesta?  Då kan Pasient- og brukarombodet hjelpe deg!

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukaren sitt behov, interesser og rettsstryggleik overfor spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta for å betre kvaliteten i tenestene. 

Brosjyre - Informasjon om Pasient- og brukarombodet (PDF)​​​​ 

Pasient- og brukarombodet (nettside) 

At barnet eller ungdommen har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Barnet  eller ungdommen må kanskje forhalde seg til smerter og ubehag, men som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling. 

Her kan du få fleire tips og råd om det å vere pårørande til​ eit sjukt barn eller ein ungdom 

Når ein familiemedlem blir alvorleg sjuk inneber det ofte endring i livssituasjonen til heile familien. I slike situasjonar er det viktig at vaksne er merksame på korleis barna og dei unge har det. 

Her har vi samla råd og tips som vi håpar kan vere til hjelp 

Ei ungdomsvennleg helseteneste må vere tilpassa ungdom sine behov, basert på beste tilgjengeleg fagkunnskap, den må involvere ungdomane, vere samordna og prega av kontinuitet. 

Prosjekt Ungdomsmedisin arbeidar for at helsetenesta i endå større grad skal vere ungdomsvennleg. 

Les meir om prosjektet her 

Sist oppdatert 22.12.2022