Opptak til barnehage i Helse Bergen

Alle som er tilsett i eller skal byrje i stilling i Helse Bergen HF kan søke barnehageplass til barna sine i Helse Bergen sine barnehagar.

En gruppe barn som sitter på gresset

Korleis søke barnehageplass?

Det er viktig å merke seg at Helse Bergen samarbeider med Bergen kommune om hovedopptaket. Alle søkere må fylle ut den elektronisk søknaden til Bergen kommune og vil senere blir kontaktet for nærmere opplysninger om stillingsforholdet i Helse Bergen.

Elektronisk søknadsskjema til Bergen kommune På søknadsskjemaet til Bergen kommune må ein av barnehagane i Helse Bergen brukast som eit av dei tre alternativa. Når éin Helse Bergen-barnehage er nytta i det kommunale opptaket, gir det tilgang til alle barnehagane i Helse Bergen.

Barnehageplass og​ opptak i Bergen kommune

Vedtekter for barnehagene i Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus​​​

Betalingssatsar og moderasjon

Helse Bergen HF tilbyr kun heildagsplass. Plassen kostar kr 3050,- per månad, og i tillegg kjem kr 300,- for lunsj og drikke. Det blir gitt 30 prosent søskenmoderasjon til barn nummer to og 50 prosent til barn nummer tre.

Den av foreldra som er tilsett i Helse Bergen HF blir trekt i lønn kvar månad. Det blir ikkje trekt barnehagebetaling i juli månad.

Frist for søknad

Helse Bergen HF har eit årleg hovudopptak med søknadsfrist 1. mars. I hovudopptaket blir plassane tildelte frå august. Tildeling av plass vert gjort kjent i april. Suppleringsopptak vert gjort fortløpande.

Opptak

Opptaket til Helse Bergen sine barnehagar skil seg frå opptak til ein del andre barnehagar. Formålet med barnehagedrift er å rekruttere og behalde tilsette som føretaket til ei kvar tid er avhengige av. Det kan derfor vere ulike grupper som vert prioriterte frå år til år.

Opptakskomiteen står for den endelege prioriteringa med bakgrunn i innspel frå nivå 2-leiarane. Søsken til barn som har plass i våre barnehagar blir prioriterte ved opptak.
Ved hovudopptaket sendast melding om tildelt barnehageplass elektronisk frå Bergen kommune. Avslag sendast frå Bergen kommune.

Opptaksperiode

Tildeling av barnehageplass skjer etter ei vurdering av foreldra/føresette si stilling i forhold til prioritering. Ved uendra stillingsforhold har ein barnehageplassen fram til barnet begynner på skulen.

Tildelt plass vil falle bort når ingen av foreldra/føresette lenger er tilsett i føretaket. Alle endringar som gjeld foreldre/føresette sine arbeidsforhold som har betydning for barnehageplassen skal meldast til styrar i barnehagen.
Tildelt plass får ein behalde under permisjon med lønn. Som hovedregel mister ein plassen ved permisjon utan lønn. Det kan gjerast unntak for kortare permisjonar og ellers når særlege forhold tilseier det.

Barnehageplass blir tildelt som heiltidsplass.

Klage på opptak

Skriftlig klage må framsettast innan 3 veker etter at avgjerdsla er gjort kjent. Klage må sendast til Bergen Kommune.

Intern overflytting

Det kan søkast om intern overflytting mellom barnehagane i Helse Bergen. I løpet av barnehageåret vert søknad om intern overflytting vurdert og prioritert på same vilkår som andre søkarar. Ordinære opptakskriterium leggast til grunn.
I samband med hovudopptaket blir søknadar om intern overflytting gitt prioritet for kommande barnehageår om det er tilstrekkeleg ledige plassar.

Søknad om intern overflytting skal sendast til e-post: barnehagesoknad@helse-bergen.no

Sist oppdatert 11.04.2024