En gruppe blomster foran et rødt hus

Vinterdalen barnehage

Vinterdalen barnehage er ein av dei fire barnehagane i Helse Bergen. Barnehagen har 4 avdelingar med vel 60 born i alderen 1-6 år: Veslefrikk, Fjellfina, Tyrihans og Askeladden.

I Vinterdalen barnehage møter me sensitive vaksne som ser borna sine initiativ og behov og deltek aktivt på deira veg inn i det viktige leikande fellesskap. Språket er avgjerande for å uttrykkje seg og bli ein god medspelar i leiken. Musikk, song og regler er av dei språklege verkemidla me har stort fokus på då dette er heilt grunnleggjande kommunikasjonsformer prega av glede og opplevingar ilag med andre.
 
Vinterdalen ligg fantastisk plassert heilt opp mot skogkanten, og me ofte høve til turar med leik og samspel i eit naturmiljø. Her er rike sanseinntrykk og fysisk utfalding ei kjelde til spennande opplevingar og minner ilag med gode vener i barnehagen.
 
En gruppe mennesker som leker på en lekeplass

 

Kontakt

Styrar - telefon

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Vinterdalen barnehage Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45. Jul- og nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager 2023 - 2024:

  • Mandag 11. september 2023
  • Fredag 3. november 2023
  • Fredag 26. januar 2024
  • Fredag 15. mars 2024
  • Fredag 10. mai 2024

Planleggingsdager 2024-2025:

  • Mandag 9. september 2024
  • Fredag 1. november 2024
  • Fredag 31. januar 2025
  • Fredag 14. mars 2025
  • Fredag 30. mai 2025

Sandviksleitet 1, Vinterdalen barnehage

Sandviksleitet 1

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.