Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
gruppebilde barn sitter på gressplen med ryggen til. Foto

Vognstølen barnehage

Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar ved Haukeland universitetssjukehus og vi har plass til vel 70 barn i alderen 1-6 år. Barna er fordelt på fire avdelinger: Konvall, Solsikken, Hvitveisen og Blåklokken.

Vognstølen barnehage ligg sentralt ved Haukelandsvegen og har frodig, variert og utfordrande leikeplass godt skjerma frå vegen. Vi er opptekne av at barndommen har ein eigenverdi som er prega av vennskap, leik og gode relasjonar i samspel mellom barn-barn og barn–vaksen.

Fokusområde 2025–2026: Leik og leikemiljø

Leik er barna sin viktigaste aktivitet, og har stor plass i vår barnehage. Læring skal vera lystprega og går føre seg på barna sine premiss. Leik er læring og læring er leik for så små barn. Barna får utvikle seg i takt med seg sjølv, og vi stimulerer og oppmuntrar dei på vegen. Vi møter deira nysgjerrigheit med interesse og utforskar og fabulerar sammen med dei. Barna blir anerkjende og vi validerer og «står i kjenslene deira» sammen med dei. Vi er rause og imøtekommande overfor barn, føresette og kollegaer og ser fra til godt samarbeid til beste for barna.

Årsplan Vognstølen.pdf

Kontakt

Styrar - telefon

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus, Vognstølen barnehage, Postboks 1400, 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Opningstida er måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.45. Jul- og nyttårsaften og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

Planleggingsdager 2025 - 2026:
  • Mandag 8. september 2025
  • Fredag 7. november 2025
  • Fredag 30. januar 2026
  • Fredag 20. mars 2026
  • Fredag 15. mai 2026

Haukelandsveien 38

Haukelandsveien 38

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.