Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du jobbe i dokumentasjonsavdelinga?

Dokumentasjonsavdelinga spelar ei viktig rolle for å sikre trygg og korrekt handtering av pasientopplysningar og dokumentasjon. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag og eit godt arbeidsmiljø.

Dokumentasjonsavdelinga – hjartet i informasjonsflyten

Dokumentasjonsavdelinga spelar ei viktig rolle i Helse Bergen. Kvar dag sørgjer vi for at dokumentasjon og informasjon kjem fram til rett stad, til rett tid og på ein trygg måte.

Hos oss finn du eit mangfald av fagmiljø. Dei ulike seksjonane og teama har ansvar for ulike fagområde innan medisinsk dokumentasjon, arkiv, saksdokumentasjon, papirforvaltning, utskriftstenester og fagutvikling. Saman bidreg vi til kvalitet, struktur og god informasjonsflyt i heile sjukehuset.

Vi er ein avdeling i utvikling, med fokus på digitalisering, samarbeid og kontinuerleg forbetring. Sjølv om arbeidet vårt ofte skjer i kulissane, er det avgjerande for at sjukehuset skal fungere godt.

Vil du vere med på laget? Då kan dokumentasjonsavdelinga vere arbeidsplassen for deg.

Sist oppdatert 25.11.2026