Transport Hospitaldrift

Hospitaldrift transport har tre hovudoppgåver; pasienttransport, forsyningstenester og avfallshandtering.

Pasienttransport

Vi transporterer pasientar til og fra undersøkingar og mellom avdelingar internt ved Haukeland universitetssjukehus, og mellom ulike institusjonar i Helse Bergen. Årlig utfører vi ca. 135 000 pasienttransportar ved sjukehuset.

Forsyning

Forsyningsportørane sørgjer for at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg med forbruksvarer på avdelingane. Dei held orden på alle depot, bestiller og etterfyller varer, både medisinske forbruksvarer og andre varer til dagleg drift.

Avfallshandtering

Hospitaldrift transport har ansvaret for Miljøhallen ved Haukeland universitetssjukehus. Her tek vi i mot kildesortert avfall for behandling og vidaresending. 

Einingsleiar

Mona Halvorsen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen