Tekstilforsyning Hospitaldrift

Vi sørger for at sjukehuset har reint pasienttøy, sengetøy, operasjonstøy og reine arbeidsklede til dei tilsette. Tekstilforsyning sørger for reine tekstilar til Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. I tillegg leverer vi til nokre kommunale og statlege verksemder i Bergen.

Tekstilforsyning Hospitaldrift forsyner Helse Bergen med hygienisk reine tekstilar til pasientar i sjukehuset og alle tilsette som bruker uniform. Kvar veke blir det vaska opp mot 68 tonn tekstilar, blant anna:

  • 18.000 handkle
  • 8500 laken
  • 8000 stikklaken
  • 10.000 pasientskjorter og pasientbukser
  • 62.000 uniformsplagg til tilsette 

Hospitaldrift Tekstilforsyning sikrar hygienisk reine tekstilar ved å arbeide etter: «Smittevern for vaskeri som behandlar tekstilar til helse- og omsorgstenesta.» 

www.vaskeritilsynet.no


Einingsleiar
Kjersti Helen Røli Hope 

Slik finn du fram

Vaskeriet

Jonas Lies vei 65

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.