Informasjon om pasientreiser for helsepersonell

Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen har ansvar for opplæring, support og informasjon til helsepersonell som nyttar våre tenester og system. Her kan behandlarar og rekvirentar finne informasjon og aktuelle retningslinjer, også utanom opningstida vår. Denne nettsida er ikkje ei erstatning, men eit supplement til dei nasjonale sidene pasientreiser.no/helsepersonell, og gjeld berre pasientreiser i Helse Bergen.

dame på kontor foran PC


 Pasientens tilstand og behov er avgjerande for val av transport. 

Her finn du rettleiar for rett transport i Helse Bergen:​
  • ​Pasient kan reise på eiga hand eller bli køyrt
  • Pasient har behov for tilrettelagt transport
    • Vurderinga tilseier at pasient ikkje kan nytte offentleg transport eller køyre privat.
    • Vurderinga krev rekvisisjon for tilrettelagt transport eller dokumentasjon på behov for å nytte eigen bil av helsemessige årsaker​.​
    • Reise med drosje, rullestolbil, helseekspress (og fly) må bestillast via Avdeling for pasientreiser på 05515  / eRekvirering.
      Nyttar pasient eigen bil av helsemessige årsaker må pasient vedlegge dokumentasjon frå behandlar i reiseoppgjeret sitt​.
    • ​​For hjelp til den helsemessige vurderinga i forbindelse med ei pasientreise er det utarbeidd ein nasjonal rekvirentrettleiar.
    • Vis pasient til Avdeling for pasientreiser på 05515 ved behov for rekvisisjon på trafikalt grunnlag.
  • Pasient må ligge, men har ikkje behov for medisinsk tilsyn eller overvaking.
  • Pasient har behov for medisinsk overvaking
    • Pasient må ha ambulanse
    • Kontakt / bestilling - AMK
  • Pasient må ha tilgang på medisinsk utstyr
    • Pasient må ha ambulanse
    • Kontakt / bestilling - AMK​

Plakat - Rett transport (PDF) 

Veiledning for rekvirent i NISSY – hvordan se hvilken transportør som har fått oppdraget.pdf

​Reise frå Haukeland U​niversitetssjukehus
​Henteområde​ ​Type transport ​Transportør ​For Behandler
​Haukeland
Universitets-sjukehus
​Taxi 
(destinasjon Bergen, Askøy eller Øygarden)
​Taxi 1 05501
​​Haukeland
Universitets-sjukehus
​Taxi 
(destinasjon utenfor Bergen, Askøy og Øygarden)
​Norgestaxi 21 49 66 18
​Haukeland
Universitets-sjukehus
​Rullstolbil ​Bergen
taxi
07000


​Reise frå bydelar i Bergen
​Henteområde ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
​Bergenhus/
Årstad/
Haraldsplass
​Taxi ​Norgestaxi  21 49 66 18
​Bergenhus/
Årstad/
Haraldsplass
​Rullestolbil ​Bergen
taxi
07000
​Åsane/ Arna ​Taxi​ ​Christiania
taxi
22 57 80 08
​Åsane/ Arna ​Rullestobil ​Bergen
taxi
​​ 07000
Fana/
Ytrebygda
​Taxi ​Christiania               
taxi
22 57 80 08
​Fana/
Ytrebygda
​Rullestolbil ​Bergen
taxi
07000
​Fyllingsdalen/
Laksevåg
​Taxi ​Norgestaxi 21 49 66 18
​Fyllingsdalen/
Laksevåg
​Rullestolbil ​Bergen
taxi
07000


Reise frå Askøy
​Henteområde ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
​Askøy ​Taxi/
Rullstolbil
​Christiania               
taxi
22 57 80 08


Reise frå Øygarden
​Henteområde ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
Øygarden ​Taxi/ 
Rullestolbil
​Bergen
taxi
07000


Reise frå Bjørnafjorden
Henteområde ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
​Tidl.
Os kommune
​Taxi/
Rullestolbil
​Os taxi 07000
​Tidl.
Fusa kommune
​​Taxi/
Rullestolbil
Fusa taxi 56 58 19 00


Reise frå Alver og Austrheim
Henteområde ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
​Alver
og Austrheim
​Taxi/
Rullestolbil
​Nordhordland
taxi
07000


Reise frå Voss
Henteområde ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
​Voss/
Voss sjukehus
​​Taxi/
Rullestolbil
​Voss taxi 56 51 13 40


​Reise frå andre distriktskommunar
​Henteområde​ ​Type transport ​Transportør ​For Behandlar
​Gulen ​Taxi/
Rullestolbil
​Gulen
taxi
57 78 31 00
​Masfjorden ​Taxi/
Rullestolbil
​Masfjorden
taxi
99 50 97 00
​Fedje ​Taxi/
Rullestolbil
​Fedje
taxi
90 05 86 95
​Samnanger ​Taxi/
Rullestolbil
​Samnanger
taxi
56 58 88 66
​Vaksdal ​Taxi/
Rullestolbil
Dale Taxi 95 03 60 00
47 65 90 00
​Modalen ​​Taxi/
Rullestolbil
Dale Taxi 95 03 60 00
47 65 90 00
Ulvik* ​​Taxi/ 
Rullestolbil
​Ulvik taxi 91 11 13 66
​Kvam (unntatt; 
5630 Strandebarm
og 5632 Omastrand)
​​​Taxi/
Rullestolbil
​Norheimsund-
Øystese taxi
56 55 25 25
(56 55 20 10 )
5630 Strandebarm
og 5632 Omastrand*
- Uten avtale -
Kvinnherad*
​(Ølve/ 
Hatlestrand)​
​Taxi/
Rullestolbil
​Hillesvik
transport
(Tysnes taxi)
91 13 27 22
Osterøy*​ ​Taxi/
Rullestolbil
​Christiania
taxi​
22 57 80 08
​Austevoll ​Taxi/
Rullestolbil
​Austevoll
taxi
97 58 32 31

* Les mer om manglande eller særskilte transportøravtalar i Helse Bergen​

Elektronisk rekvirering av pasientreiser er tilgjengeleg heile døgnet alle dagar. Bestillinga blir då sendt til riktig transportør som utfører oppdraget.

Ved behov for endring, avbestilling eller ved spørsmål knytt til bestillinga, må du rette desse til Avdeling for pasientreiser på tlf. 05515 i opningstida vår​. 

Sjå våre opningstider

Utanom opningstida vår må transportør med avtale i aktuelt henteområde kontaktast direkte av rekvirerande behandlar ved behov for endring, avbestilling eller ved spørsmål knytt til bestillinga.

Kontaktinf​o til tr​ansport​ør med avtale

Ved reise frå eit område utan avtale om køyring eller i eit tidsrom der avtale ikkje gjeld, må pasient sjølv kontakte transportør ved endringar. 

Oversikt over områder utan avtale eller med særskilde avtalar for køyring

Dersom behandlar ikkje får eRekvirert​

Dersom ein av ulike grunnar ikkje får eRekvirert i systemet utanom opningstida vår, kan papirrekvisisjonen nyttast. 

Følg då Rutine for driftsbrot og bruk av papirrekvisisjon​​

Dersom elektronisk rekvirering ikkje er tilgjengeleg (ved nedetid/ driftsbrot) eller dersom ein ikkje får eRekvirert av andre årsaker - 
skal behandlar kontakte Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 for å bestille pasientreiser.

Sjå våre opningstider

Dersom behandlar ikkje får rekvirert elektronisk utanom opningstida vår - 
kan papirrekvisisjon nyttast. Papirrekvisisjonar bør vere tilgjengeleg på alle behandlingsstader og kan bestillast gratis her:

https://pasientreiser.no/helsepersonell/bestill-m​ateriell

Behandlar fyller ut ein papirrekvisisjon og tar direkte kontakt med transportør som har avtale i aktuelt henteområde for bestilling.
Transportør vil då merke bestillinga og på den måten godkjenne bruk av papirrekvisisjonen som pasient skal gje til sjåfør. Pasient kan ikkje nytte papirrekvisisjon utan at behandlar har vore i kontakt med transportør i forkant.

Kontaktinformasjon til transportør med avtale

Ved driftsbrot når transportøravtale ikkje gjeld i området
Dersom elektronisk rekvirering ikkje er mogleg - kontakt Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 i opningstida vår for hjelp til å rekvirere. 

Utanom opningstid må pasient få annan dokumentasjon frå behandlar på transportbehovet for å vedlegge søknaden sin om dekning av reiseutgifter i etterkant:

https://pasientreiser.no/helsepersonell/dokumentasjonskrav-ved-pasientreiser

Pasient må ordne transport sjølv og legge ut for reisa i tidsrom der avtale ikkje gjeld i området

Oversikt over område utan avtale eller med særskilde avtalar for køyring

​​Helse Bergen gjer avtaler om køyring av pasientreiser i sitt opptaksområdet.
I dei fleste områda har vi avtale med transportør om køyring. Avtalane gjeld som regel heile døgnet, men i nokre område er avtalar inngått for gitte tidsrom. 

Følgande område er utan avtale om køyring av pasientreiser med rekvisisjon:

Omastrand og Strandebarm:
Frå og med 24.februar 2024 har Helse Bergen ikkje lenger avtale om køyring frå poststadene 5632 Omastrand og 5630 Strandebarm i Kvam herad. Det vil seie at dersom pasientar skal hentast i området må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisekostnadar dekka i etterkant.

Følgande område har særskilde avtalar om køyring av pasientreiser med rekvisisjon:​

Osterøy: avtale gjeld køyring med start i tidsrommet kl.06.00 – 18.00 alle dagar

Ølve og Hatlestrand (Kvinnherad): avtale gjeld køyring med start i tidsrommet kl.06.00 – 18.00 alle dagar

Ulvik: For lokale reiser i Ulvik gjeld avtalen køyring med start i tidsrommet kl.0600 – 18.00 måndag-fredag. For reiser ut av Ulvik kommune gjeld avtalen heile døgnet alle dagar.

Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasient skal hentast i området på eit tidspunkt der transportøravtale ikkje gjeld, må pasient sjølv bestille/ordne transport og legge ut for reisa.

Behandlarar/rekvirentar skal fortsatt vurdere det medisinske behovet og rekvirere reise i forkant. Rekvisisjonen vil automatisk følgje pasienten sin søknad om dekning av reiseutgifter i etterkant og fungere som dokumentasjon på transportbehovet.

Les meir om kva dette betyr for pasient og deg som behandlar/rekvirent

Avdeling for pasientreiser handterer support knytt til RekvirentID og passord i NISSY (eRekvirering av pasientreiser), og registrering av offentleg godkjente behandlingsstader/ behandlarar i Helse Bergen i forbindelse med pasientreiser.

Les meir om tilgangsstyring, brukernamn og passord​

Deaktivert brukar / gløymt passord
Dersom du allereie nyttar e-rekvirering, men treng hjelp med passord i NISSY, kan du henvende deg via skjema for Gløymt passord eller deaktivert brukar i NISSY​.
Når førespurnaden din er behandla, vil du få ein e-post/ SMS frå systemet med nytt passord. Vi prøver å svara ut alle innan 1-2 vyrkedagar.

Sjå rettleiin​g for korleis du sjølv kan endra din profil og få tilsendt nytt passord direkte frå systemet ved behov

Support over telefon og e-post
Ring 05515 - tast 7 (for support)
Telefon 05515  er betjent man-fre kl. 07.00 - 19.00, lør kl. 09.00 - 15.00​
E​-post support: eRekvirering@helse-bergen.no

For passord-support utanom vår opningstid kan Norsk helsenett kontaktast på 
tlf. 24 20 00 00 (føresett at din brukar har ein e-post adresse eller mobil-nr knytt til seg)

Ny RekvirentID eller ny behandlingsstad/ behandlar
Behov for ein ny brukar ved behandlingsstaden, eller registrere ny
behandlingsstad/ ny behandlar? 
Bestille ny bruker eller legge inn ein behandlingsstad i NISSY

Henvendelse om tilgang for å eRekvirere
For å eRekvirere må godkjent behandlingsstad og eventuelt behandlarar vere registrert/oppdatert i NISSY og vere tilknytt Helsenett. 

Behandlarar kan rekvirere direkte i vårt system NISSY, eller via eige journalsystem (mange av dei største journalsystema har oppsett for pasientreiser)

Avdeling for pasientreiser set opp behandlingsstad med tilhøyrande rekvirentar i NISSY og gir nødvendig informasjon for oppsett av behandlingsstaden i journalsystemet, med RekvirentID og passord. 

Ring oss på 05515  eller send ein henvendelse til eRekvirering@helse-bergen.no, så tar vi kontakt.

Sjå meir informasjon om
eRekvirering på pasientreiser.no

Sjuketransportbilane køyrer pasientar som ikkje har behov for medisinsk tilsyn eller overvaking, men som må ligge under transporten. Tenesta er eit samarbeid mellom Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og Avdeling for pasientreiser.

Avdeling for pasientreiser bemannar bilen og har blå uniformering. Medarbeidarane er ikkje medisinsk personell, men har opplæring i å handtere pasientar med smitte og pasientar med behov for oksygen under transporten. 

Sjuketransportbilen har plass til éin bårepasient og eventuelt éin følgeperson. Det er ikkje plass til rullestol eller utstyr utover klede/bagasje.

Sjuketransporten avlastar bruken av ambulanse og sikrar bedre utnytting av ressursar og personell for akuttberedskap.

Det er tre sjuketransportbilar i drift kvardagar i tidsrommet kl. 09.30-19.00 og desse utfører primært oppdrag med start i Bergen og nærliggande kommunar. Så langt det er mogleg vil sjuketransportbilane utføre desse oppdraga, resterande vil bli utført av ambulanse som båretransport.​

Det er viktig at val av transport er kvalitetssikra som eigna for sjuketransport -sjå  rettleiing for val av rett transport​

B​estilling av sjuketransport (mån-fre) 
- Ring Pasientreiser i Helse Bergen på 05515. Helsepersonell har eit eige tasteval for bestilling av sjuketransport som er ope frå kl. 08.00 - 17.00.
​​Ved behov for båretransport i andre tidsrom må desse rekvirerast via AMK​​​​


Rekvirerte reiser til / frå testing og koronavaksinasjon blir ikkje dekka av Pasientreiseforskrifta då dette er kommunen sitt ansvar i koronavaksinasjonsprogrammet.

Framgangsmåte frå 7.mars 2022

Rekvirerte pasientreiser blir igjen vurderte for samkøyring, også i vanleg drosje. Det er ikkje lenger behov for "koronaspesifikke køyretøy" eller å nytte store bilar for å oppretthalde avstand.

Pasienten sin medisinske tilstand skal ligge til grunn for vurderingar knytt til val av pasienttransport. 

  • Rekvirent må aktivt bestille åleine-transport dersom behandlar vurderer dette som medisinsk nødvendig.
  • Åleine-transport må også bestillast til pasientar med bekrefta covid-19 smitte som er isolerte i sjukehus, på lik linje med andre pasientar som er isolerte i sjukehus. 

  • Det blir anbefalt at både sjåfør og pasient nyttar munnbind under transporten.​

Grunna koronavirus-utbrotet vart det 12. mars 2020 innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser. Endringa innebar at pasientar fekk dekt tilleggsutgifter ved reise med eigen bil, utan dokumentasjon frå behandlar, på alle reiser over 10 kilometer kvar veg. 

​Ordninga blei avvikla frå og med 1. juni 2022, etter lettingar i tiltaka i samfunnet generelt. Dokumentasjonskravet blei gjeninnført og behandlar må no attestere for at pasient må nytte privat bil av helsemessige årsakar, for å få dekka tilleggsutgiftar som parkering, bom og ferge. 
Dokumentasjonkravet gjeld også for reiser innanfor ei minstetakstsone - sjå pasientreiseforskrifta § 22

Les meir på helsenorge.no​

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no​, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

 

Sist oppdatert 04.04.2024