Venteareal

Pasientar som ventar på pasientreise kan gjere dette i eit eige, tilpassa areal i foajeen i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Mann står ved skranke og prater med mannen som sitter bak skranken. Foto

Opningstider

Bemanna venteareal måndag til fredag kl. 09.30-17.00
Telefon: 05515


Tilbod

Pasientventearealet er lokalisert i Foajeen i 0. etasje i Sentralblokka, nær toalett og bibliotek. Ventearealet har lenestolar og småbord med sitteplassar, og er skjerma for gjennomgangstrafikk.

Arealet
er bemanna av medarbeidarar frå Avdeling for pasientreiser måndag til fredag kl 09.30-17.00, men er ope for bruk heile døgnet alle dagar. Betjeninga er ikkje helsefagleg utdanna, men vil sikre at pasient og sjåfør finn kvarandre, og dei vil følge opp dersom ​den planlagde transporten endrar seg.

Pasientar kjem til ventearealet åleine eller blir følgt ​av personale frå aktuell avdeling. 
Meld frå til betjeninga​ ved oppmøte i ventearealet.


Sist oppdatert 29.11.2024