Les meir om vår nasjonale funksjon
Fagsenter for pasientrapporterte data har frå Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) fått i oppdrag å vere ein nasjonal ressurs for PROM (pasientrapporterte utfallsmål) og PREM (tilfredsheit med helsetenesta) i dei medisinske kvalitetsregistera (les meir). Organisatorisk er Fagsenter for pasientrapporterte data plassert under Nasjonalt servicemiljø SKDE.
Fagsenteret har som føremål å:
- Rettleie kvalitetsregistera i bruk og analyse av PROM/PREM
- Bistå kvalitetsregistera med val av instrument, samt utvikling av nye instrument ved behov
- Halde eit nasjonalt oversyn over kvalitetsregistera sin bruk av PROM/PREM
- Fremje bruk av PROM/PREM i forsking og kvalitetsforbetring
- Arrangere nasjonale og regionale seminar
- Formidle informasjon via nettside som serviceplattform
- Samordne arbeidet med PROM/PREM med andre nasjonale prosesser knytt til kvalitetsregistera
- Bidra i tilretteleggjing for smidige datatekniske løysingar for datafangst (PROM)
Sist oppdatert 12.12.2016