Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis er det å vere kursdeltakar på Lærings- og meistringssenteret

Målet for våre lærings- og meistringskurs er at du skal lære om sjukdommen din og korleis du kan meistre kvardagen. Når du er på kurs hos oss skal du oppleve læring, meistring og tryggleik.

Vår pasientopplæring set fokus på deg som pasient. Du skal kunne medverke med dine erfaringar og forståing for din eigen situasjon. Du vil møte erfarne pasientar og deira pårørande som fortel korleis dei lever sine liv med helseutfordringar. På kursa får deltakarane undervisning og rettleiing, og får dele erfaringar med kvarandre.

Pasientopplæringa kan vere både individuell og gruppebasert, og den kan vere diagnosespesifikk eller ha eit generelt fokus på det å leve med ei helseutfordring og meistre kvardagslivet.

Vi tilbyr både digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte. 

Tilvising til kurs

Dei fleste kurs for pasientar og pårørande krev tilvisning frå fastlege eller lege på sjukehuset. Denne kan sendast elektronisk til avdelingen som arrangerar kurset. Pårørande blir tilvist og registrert i pasienten sitt namn.

Ved behov for å senda pr post kan denne bli brukt: 

henvisning-til-larings--og-mestringskurs.pdf (helse-bergen.no)

 

Kursutgiftene tilsvarar eigendel etter gjeldande takstar for pasientar, og er dei same ved digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte. Gratis ved frikort. Pårørande som er i følgje med pasient betaler ikkje eigendel. 

Avbestilling av kurs må skje seinast 24 timer før kursstart. Ved manglande oppmøte til avtalt kurs, både digitalt kurs og fysisk oppmøte, blir du belasta gebyr etter gjeldande satsar. Dette gjeld og om du har frikort.

LMS er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilboda vert utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehusa og brukarorganisasjonane.

Erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis det er å meistre kvardagen med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Erfarne brukarar kan óg vere familie og andre pårørande. 

Både den faglege kunnskapen til helsepersonell og brukarane sin erfaringskunnskap er nødvendig for å utvikle gode læringstilbod. Læringstilbodet ved LMS skal ha brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering.  

Brukarrepresentantanes arbeid honorerast gjennom gjeldande satsar ved Lærings- og meistringssenteret.  

Opplæring av pasientar og pårørande er ei av sjukehuset sine fire lovpålagte hovudoppgåver, på linje med diagnostisering og behandling, forsking og utdanning av helsepersonell. 

Pasientar og pårørande har ulike rettar knytt til deltaking i kurs og opplæring, mellom anna utgifter til reise og opphald, kostpengar og opplæringspengar ved opplæring i grupper. Pasientar har også rett til val av behandlingsstad.

Rettar ved pasient- og pårørandeopplæring i grupper - Helse Bergen HF

Parkering mot betaling.

Det er eit fåtal parkeringsplassar i 1. etasje i Ulriksdal helsepark. Parkeringssystemet les bilskiltet ditt når du køyrer inn og ut. Betaling skjer via app eller på automat. Det er også parkeringsplassar i parkeringshusa til Ulriksdal, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus.

Enkel lunsj blir servert på alle heildagskurs.

God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Som kursdeltakar kan du ha rett til dekking av reise, kost og overnatting. Dekking av utgifter til reise, kost og overnatting skal avtalast så snart som mogleg etter at du har fått innkalling til kurs pasientreiser

Kurs og opplæring - Pasientreiser HF

Informasjon til kursdeltakarar med høyreapparat eller cochleaimplantat (CI)

For å leggje til rette for best mulig lydopplevelse på kurs, nyttar vi ei teknisk løysing som heiter Roger-system. Dette er ei trådlaus løysing med mikrofon og mottakar. Her finn du ei kort oversikt over systemet og kva du bør vere merkosom på før du møter på kurs.

Kva må du gjere før kurset?

  •  Phonak høyreapparater har integrert Roger teknologi og koblast direkte til Roger-systemet. Du treng ikkje ekstra utstyr.

 

  • Andre typar høyreapparat eller cochleaimplantat (CI):
  1. Dersom du har telespole i høyreapparat/CI:

       • Sjekk at telespola (T-program) fungerer.

       • Dersom du har ein  Neckloop frå Phonak, ber vi deg ta den med deg på           kurset. LMS har to Neckloop- einingar til utlån.

    2. Dersom du har eit mellomledd/mottakar for ditt høyreapparat/CI, ber vi deg om å ta dette med på kurset.

    3. Dersom du ikkje har telespole eller mellomledd/mottakar; ta kontakt med kursansvaleg avdeling. Då kan dei vurdera om det bør bestillast teiknspråktolk eller skrivetolk til kurset.

Dersom du er usikker på om du har telespore, kan du kontakte audiografen din for rettleiing.

 

Oversikt over kompatibilitet for ulikeulike høyreapparat

• Phonak / Hansaton: Har ofte integrert Roger-teknologi.

• Oticon, ReSound, Starkey, Widex, Signia: Støtter Roger, men krev vanligvis mottakar eller adapter.

• Cochleaimplantat (Cochlear, MED-EL): Støtter Roger via mottakar (avhengig av modell).

 

Tips for best mogles lydoppleving

• Sit slik at du ser den som snakkar.

• Sei frå dersom lyden ikkje fungerar optimalt.

• Test utstyret før kursstart dersom det er mogleg

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kursansvarlig eller LMS i god tid før kursstart, så hjelper vi deg med tilrettelegging.

Lærings- og meistringssenteret i Bergen
Ulriksdal Helsepark, 4. etasje

Adresse: Ulriksdal 2, 5009 Bergen

Telefon:  55 97 47 80

E-post: lms@helse-bergen.no

Sist oppdatert 30.06.2026